Kinn Kommune

Aktuelt

Info om refusjon av billettar til Russerevyen 2020.

Nokre eigedomar i Florø har fått feil på kommunale gebyr. Feilen gjeld arealberekning av fleirmannsbustadar, og gebyr i høve til vatn og avløp.

Her finn du info om refusjon av billettar til Florarevyen 2020.

Opptaket frå møtet i Kinn formannskapet 19. mars er no klart. Møtet vart avvikla på videomøte.

Rådmann Terje Heggheim skriv om korleis veka har utvikla seg etter dei strenge tiltaka i arbeidet mot koronaviruset blei innført.

Regjeringa har i ei pressemelding kome med eit tiltak for å hjelpe kulturfeltet med sviktande inntekter no i desse koronatider.

Kinn kommune fakturerer ikkje for barnehage/SFO så lenge desse er stengt. Faktura for barnehage/SFO som hadde forfall medio mars betalast som vanleg. Ved første faktura etter at barnehage/SFO opnar igjen vil for mykje betalt i mars bli avregna.

Det er innført strenge nasjonale tiltak for å hindre smitte av koronaviruset.  Denne meldinga inneheld ei skjerping av tidlegare vedtak og iverksetting av nye.

I dag er det ingen innbyggarar med påvist koronasmitte i Kinn. 

 

Det planlagde møtet i kontrollutvalet 17.03 vert utsett/avlyst. 

Regjeringa har innført strenge tiltak for å hindre smitte i landet.  I Kinn har vi i dag ingen registrerte smittetilfelle. Det betyr at vi har høve til å innføre dei nasjonale tiltaka på ein god og tilpassa måte.