eDialog – Send oss post elektronisk, heilt trygt!
eDialog – Send oss post elektronisk, heilt trygt!Du kan no sende elektronisk post til kommunen på ein sikker måte.
Ved å bruke eDialog kan du trygt sende oss alle typar brev - også om brevet inneheld sensitive og teiepliktige opplysingar.
Korleis bruke eDialog?
Klikk på denne lenka
- Logg inn med ID-porten
- Du kan no skrive og laste opp vedlegg i skjemaet. Du kan også svare på post frå kommunen på denne måten
Slik brukar du skjemaet
- Fyll ut obligatoriske felt (merka med raud *)
- Vel om du er privatperson eller verksemd
- Skriv i «Tittel» kva saka gjeld – gjerne med saksnummer frå kommunen sitt brev
- I «Kommentar» fyller du ut svaret ditt
- Du kan laste opp vedlegg til brevet. Dei vanlege filformata er støtta
- Klikk på «Send». Sendinga vert då kryptert og sendt direkte til Kinn kommune. Du får kvittering med referansenummer på SMS eller e-post
Når kan du bruke vanleg e-post?
Du kan bruke e-post for vanlege spørsmål til kommunen, så lenge du ikkje skriv teiepliktige eller sensitive opplysingar.
Gå til eDialog
Publisert avHenrik Ulriksen
Publisert04.02.2021 09.22
Sist endra04.02.2021 09.37