Helsestasjontenester på HelsenorgeLytt til tekstenStopp avspillingIllustrasjon: VH-Studio/Mostphotos Kinn kommune vil frå 01.03.2023 ta i bruk DigiHelsestasjon, der du enkelt og trygt kan kontakte helsestasjonen via Helsenorge. DigiHelsestasjon er ei nasjonal fellesløysing for digital kommunikasjon mellom brukar og helsestasjon/ skulehelsetenesta, her inngår også svangerskapsomsorga. Kjernen i DigiHelsestasjon er å tilby sikre, digitale tenester for gravide, føresette til barn i alderen 0–5 år, samt barn og unge i skulehelsetenesta og deira føresette. DigiHelsestasjon gjer at innbyggarane i Kinn kommune, som er brukar av helsestasjon- og skulehelsetenesta kan: sende og ta i mot meldingar til/frå jordmor-, helsestasjon- og skulehelsetenesta. sjå sine timeavtaler og avbestille desse. Få varsel om planlagde avtaler via SMS eller e-post. For at vi skal kunne bruke denne tenesta på ein effektiv og god måte, må du som brukar logge deg inn på Helsenorge.no, akseptere brukarvilkår og samtykke til å kommunisere med oss via Helsenorge. Meir informasjon om digital helsestasjon finn du her Publisert 22.02.2023 14.46 Sist endra 05.12.2023 14.21