Oppdaterte ruter for serviceskyss i Eikefjord-områdetLytt til tekstenStopp avspilling Serviceskyss er eit transporttilbod i Sogn og Fjordane som er ope for alle, og skal vere tilrettelagd for alle. No er ruta for Eikefjord-området oppdatert, slik at ruta er utvida til Stavang. Rutene passar inn til ope kafe i Eikefjord. Ruta vil vere ei prøveordning denne våren, og den vil gå tre fredagar i månaden. Siste fredag i månaden går den ikkje. Det vil gå to ruter Steindalen – Svardal – Eikefjord Stavang – Little Høydalen – Steinhovden – Eikefjord Dei som vil reise med serviceskyssen, bestiller skyss seinast dagen før. Ein blir henta heime og får skyss frå dør til dør. Køyretøya som vert nytta er universelt utforma. Tinging Alle som skal vere med serviceskyssruta må tinge på førehand. Tinging skjer på telefon 918 96 400 innan kl. 15.30 virkedagen før. Pris: 30 kroner kvar veg. Les meir om serviceskyssruta her Publisert 06.02.2023 13.05 Sist endra 05.12.2023 14.14