Serviceskyss i Florø
Serviceskyssen er organisert i faste ruter på fredagar. I Florø og omland går følgande ruter:
Les meir om serviceskyssruta her
Dør-til-dør-transport
Eit av dei store fortrinna med serviceskyssen er at han tilbyr transport frå dør til dør. Passasjerane blir henta heime og køyrde heilt fram til reisemålet. Køyretøya som vert nytta er universelt utforma, noko som sikrar god tilgjenge for alle.
Slik bestiller du
For å bruke serviceskyssen må du bestille på førehand. Bestilling skjer på telefon:
Telefon: 918 96 400
Frist: innan kl. 15.30 på verkedagen før reisa
Det er viktig at alle som skal vere med på ruta bestiller innan fristen.
Pris og betaling
Serviceskyssen har ein låg og fast pris:
Billetten kjøper du om bord i køyretøyet, og du kan betale både med bankkort og kontantar.
Serviceskyss i Måløy
Du bestiller bussen til det tidspunktet og frå den staden som passar for deg. Bussen hentar deg der du er, og køyrer deg dit du skal. Du kan for eksempel bestille ein tur dersom du skal på butikken, på trening, til legen eller på besøk. Tilbodet gjeld i eit bestemt nærområde og innanfor ein fast tidsperiode.
Les meir om serviceskyss og rutetider i Måløy på Skyss sine sider
Kvar og når kan du reise?
Bussen køyrer i området frå Kvalheim og Oppedal i vest, Raudeberg, Halsør og Vedvik i nord, Holvik i sør og Deknepollen i aust. Sjå detaljert kart i appen Skyss Bestilling.
Du kan reise
- måndag til fredag mellom kl. 9.00 og 13.30
- måndag til fredag mellom kl. 16.00 og 20.00
Bussen køyrer ikkje på heilagdagar.
Bestillingsfrist
Du kan bestille bussen så seint som 30 minutt før avreise.
Du kan bestille på ulike måtar
- Last ned appen Skyss frå App Store eller Google Play
- Ring Skyss på 55 55 90 99 måndag–fredag mellom klokka 8.00-17.00.
Når du har bestilt vil du få informasjon om nøyaktig når du blir henta.