Rehabilitering av demningen til Sagvatnet på Svanøy

Bildet viser demning til Sagvatnet på Svanøy.  - Klikk for stort bilete

Svanøy Havbruk AS og Kinn Kommune startar i slutten av februar i år opp rehabilitering av demningen til Sagvatnet på Svanøy i Kinn Kommune.

Om rehabiliteringa

Rehabiliteringa er eit krav frå NVE, med bakgrunn i at dammen ikkje har tilfredsstillande stabilitet. Tekniske planar for fornying av dam Sagvatnet er godkjende av NVE, og Allbygg AS er tildelt kontrakt for utføring av rehabiliteringa. 

Sagvatnet har vore oppdemt og regulert allereie sidan midten av 1600-talet. Magasinet vart demma opp med ein murdam på 1850-talet for å regulere vatn til drift av et lite sagbruk. Magasinet nyttes i dag for uttak av vatn til settefiskanlegget til Svanøy Havbruk AS som ligg nedstrøms dammen. Sagvatnet er i tillegg reservoar for det kommunale vassverket på øya.

Under rehabiliteringa så vil Sagvatnet vere ca. 4-6 meter nedtappa, og tiltaket er planlagt sluttført i slutten av mai i år. Etter utført tiltak vil magasinet ha samme maksimal vasstand som for eksistrende demning.

Vassforsyning under rehabilitering av dam

Når Sagvatnet er mykje nedtappa, vil det oppstå forrringing av vasskvalitet. Innbyggarane som får vatn frå kommunalt vassverk på Svanøy, må vere budd på at det kan bli dårligare vasskvalitet og restriksjon på forbruk.

Informasjon undervegs vil bli sendt ut på SMS til abonnentane.

Vi anbefaler at du til einkvar tid har tilstrekkelig vatn ståande slik at du kan klare deg ein periode utan leveranse av vatn.

Kontaktperson hos Kinn kommune er Frode Ellingsund.
Kontaktperson hos Svanøy Havbruk er Solveig Willis.