Øyvind er tilsett som kommunedirektør!

Nærbilde av kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen - Klikk for stort bilete

I går vedtok eit samrøystes kommunestyre å tilsette Øyvind Bang-Olsen som kommunedirektøren vår. Vi har no fått ein solid leiar på 58 år som er glad i livet, og som har mykje erfaring frå kommunal forvaltning.

Øyvind seier sjølv at han er glad i samfunnsutvikling og å jobbe med menneske. Dette er kanskje ikkje overraskande med hans bakgrunn og utdanning som siviløkonom med master i forvaltning og planlegging. No skildrar han seg sjølv som ein kystmann, til tross for at han er ein indre sogning. På fritida kultiverer han hobbyar som ølbrygging og fisking, og er fast etablert i Florø med kone og deira to barn.

-Kinn er ein bra organisasjon med mange moglegheiter! Eg er glad for at eg har blitt kjend med alle dei flotte folka i Florø og Måløy, seier vår muntre leiar på fredagsmorgonen.