Permisjonsreglement

12. Sjukdom, svangerskap/fødsel, amming, adopsjon, omsorg, m.v.

Arbeidsmiljøloven (AML) heimlar rett til permisjon. Om ein har krav på økonomisk
godtgjersle, går fram av folketrygdloven (FTRL) §§14-4 til 14-11 og § 9-12 samt hovudtariffavtalen (HTA).

12.1  Permisjonar regulert i tariffavtalar og lover
12.1.1  Eigen sjukdom
Hovudtariffavtalen § 8.2 og Folketrygdlova §§ 8-23/24) og 8-27 og avtalen om eit inkluderande arbeidsliv.

Hovudregel §1 HTA gjeld for alle arbeidstakarar i eit fast, forpliktande arbeidsforhold med ein på førehand fastsatt arbeidstid (ev. i gjennomsnitt) pr. veke, men med unntak som er nemnd i den enkelte paragraf.

Retten til sjukeløn: Arbeidstakarar som blir omfatta av §1 har rett til løn under sjukdom jf. til punkt 8.2.2 frå første sjukedag dersom vedkommande har tilrådt stillinga.

Eigenmelding kan nyttast etter at arbeidstakar har arbeidd hos arbeidsgjevar i to månader (oppteningstid). Jf. Ftrl. § 8-24. Oppteningskravet gjeld på ny når arbeidsforholdet vert brote i meir enn to veke. jf. Ftrl. §8-24. Unntaket gjeld ved visse permisjonar mv., jf. Ftrl. §8-24 (3). i slike høve er oppteningstida ein månad.

Eigenmelding kan berre nyttast som dokumentasjon for sjukefråvær i arbeidsgjevarperioden, jf. Ftrl. §§8-7 (1) og § 8-23. Denne meldinga er då grunnlag for utbetaling av sjukeløn.

For IA bedrifter er det avtalt at det kan brukast eigenmelding for inntil 8 dagar om gongen. Etter 8 samanhengande eigenmeldingsdagar, må arbeidstakar legge fram legeerklæring. Etter IA-avtalen kan ein ha inntil 24 eigenmeldingsdagar på 12 månader.

Fråvær frå ei arbeidsøkt som strekk seg over eit døgnskille, skal reknast som ein eigenmeldingsdag.

Arbeidsfrie dagar skal takast med ved berekning av tal kalenderdagar. Er ein arbeidstakar sjuk og dokumenterer fråværet med eigenmelding på ein fredag og fortsatt er sjuk måndag etter, reknast både laurdag og søndag med, sjølv om dette er arbeidsfrie dagar for vedkommande.

Ved nytt sjukefråvær innan 16 dagar vert tidligare fråvær medrekna, jf. Ftrl. § 8-24 (4).

Eigenmelding kan berre nyttast for heile dagar, blir ein sjuk i løpet av arbeidsdagen, skal i så fall dette registrerast som permisjon med løn, evt. Må ein kunne nytte eigenmelding.

Tap av eigenmeldingsretten:
Arbeidstakar kan miste retten til å bruke eigenmelding ved sjukdom dersom ein har brukt fleire eigenmeldingsdagar enn det som går fram av IA avtalen og reglane knytt til denne.

Dersom arbeidsgjevar har rimeleg grunn til å tru at fråværet ikkje skuldast sjukdom, kan retten til å nytte eigenmelding falle bort (t.d. AKAN avtale). Før arbeidstakar misser retten til å levere eigenmelding, har vedkommande rett til å uttale seg.

I den grad det er grunngjeven mistanke om at eigenmeldinga blir nytta som aksjonsform i ein arbeidskonflikt, kan arbeidsgjevar krevje legeerklæring frå første fråværsdag og så lenge aksjonen varer. Jf. Ftrl § 8 – 27 (3).

Sjå også ftrl.§§ 8-23 til 8-27 om eigenmelding.

12.1.2 Barn og barnepassar sin sjukdom
Hovudtariffavtalen § 8.4, Arbeidsmiljølova § 12.9 .Folketrygdlova § 9-5 til 9-11 og 9-13
Omsorgspenger er dager du kan ha rett til å vere heime frå jobb når barnet ditt er sjukt, eller hvis den som passar barnet er sjuk. Kor mange omsorgsdager du har rett på, kjem an på samlivssituasjonen din og kor mange barn du har. Hvis du trenger fleire omsorgsdager enn det du i utgangspunktet har rett på, må du søke NAV om fleire omsorgsdagar.

«Du har rett til å vere heime med sjukt barn når:

  • du ikkje kan gå på jobb fordi barnet er sjukt
  • den som passar barnet er sjuk, for eksempel ei dagmamma eller ein forelder som ikkje er i jobb
  • den som passar barnet må følge eit anna barn til utgreiing eller innlegging
  • barnet må til lege eller liknande, sjølv om barnet ikkje er sjukt den aktuelle dagen.»

Situasjonar som ikkje gir rett til dagar med sjukt barn:

  • Du har vore i arbeid mindre enn dei siste fire vekene.
  • Du har bytta arbeidsgjevar og vore tilsett i Kinn kommune i mindre enn fire veker.
  • Du har hatt lovbestemt permisjon i minst 14 dagar.

I disse tilfella kan du ha rett til penger direkte fra NAV. Det er i tilfelle nødvendig med legeerklæring.

Du kan ikke bruke av dagene ved:

  • ordinære møter med skulen, som foreldremøter eller tilretteleggingsmøter
  • planlagt fråvær, som skuleferiar og planleggingsdagar
  • rutinekontrollar på helsestasjonen
  • normale tannlegebesøk og tannlegekontrollar som ikkje skuldast sjukdom

Du har rett til:

  • 10 omsorgsdagar per kalenderår når du har ett eller to barn under 12 år
  • 15 omsorgsdagar per kalenderår når du har meir enn to barn under 12 år

Retten gjeld ut det kalenderåret barna fyller 12 år.

Du kan ha rett til fleire dagar

I desse tilfella må du sende søknad om omsorgspengar til NAV.

For deg som er tilsett:

  • Når du treng å vere heime med sjukt barn, melder du frå til leiaren din, som ein eigenmelding. Frå den fjerde dagen kan leiaren kreve legeerklæring for barnet eller barnepassaren.
  • Leiaren din kan godkjenne at du tek ut enkelttimar eller halve dagar som kan leggast saman til heile dagar.
  • Kinn kommune betaler for dei første 10 dagane, til og med det kalenderåret det yngste barnet fyller 12 år.»

12.1.3 Svangerskap, fødsel og adopsjon
Hovudtariffavtalen § 8.3, Arbeidsmiljølova §§ 12, 1-5 og 12.7 og Folketrygdlova kap 14.  

Det er reglane i Folketrygdlova kap.14 som gjeld fullt ut til ei kvar tid, med tillegg i § 8.3 i
Hovudtariffavtalen.

Foreldre har rett til permisjon i barnet sitt første leveår, eller så lenge foreldrepengar blir utbetalt, jf. (Arbeidsmiljølova, 12-5 (1). Adoptiv- og fosterforeldre har rett til slik permisjon frå det tidspunkt omsorga for barnet blir overteke, jf. (Arbeidsmiljølova, 12-5 (4).

For undervisningspersonalet kan gjeninntreden etter rettighetspermisjonar skje i den tida det ikkje er undervisning om sommaren, men ikkje i ferietida, jf. tilpassing til ferieloven § 7.2. Blir det teke ut ny uløna omsorgspermisjon etter slik gjeninntreden tidligare enn etter 4 mnd, blir lønsrettane avgrensa til den faktiske tenestegjeringa. Oppstart for undervisningspersonalet er den dagen tilsettinga gjeld frå og vedkomande  kunne ha starta opp.

Varslingsplikt:
Arbeidstakaren skal i god tid varsle når permisjonar etter HTA kapittel 1 § 8.3. skal avviklast, jf. HTA kap. 1 § 8.3.7, jf. aml §12-7.

Dersom fødsel finn stad før termindato, må søkjar gje melding til næraste leiar som melder dette vidare til lønsavdelinga.
Tidspunktet for fødselspermisjon vert då endra tilsvarande.

Fedrekvoten
Far har rett til full lønn på dei vilkår og i det omfang som går fram av folketrygdlova §14-12.

Omsorgspermisjon for foreldre/partnarar

  • Ifbm med fødsel har far/medmor rett til 2 ukers omsorgspermisjon med full lønn for å hjelpe mora.
  • Adopsjonsforeldre har rett til 2 veker permisjon med full lønn ifbm omsorgsovertakinga. Dette gjeld ikkje ved stebarnsadopsjon eller når barnet er over 15 år.
  • Arbeidstaker som er omsorgsperson og har ein relasjon til barnet utan å vere biologisk mor eller far, har rett til 2 ukers omsorgspermisjon med full lønn, hvis vedkomande er gift, lever i registrert partnerskap eller er sambuar i ekteskapsliknende forhold, hvis det av folkeregisteret framgår at dei har hatt samme adresse de siste to årene.

Permisjonen må i utgangspunktet vere avslutta seinast 14 dagar (kalenderdagar) etter at mor og
barn er komne heim frå sjukehuset. T.d: Tek far 3 dagar permisjon når mor og barn er på sjukehuset, så har han 11 kalenderdagar att
etter at mor og barn er komen heim. NB: Om far/medmor/(omsorgsperson) vert sjuk under denne perioden, vert ikkje permisjonen erstatta.

Ved søknad om foreldrepermisjon eller adopsjonspermisjon (også fedrekvote) skal følgjande rutinar følgjast:
Arbeidstakar leverer  skjema "varsel til arbeidsgiver" til sin nærmaste leiar som signerer på
permisjonssøknaden. Skjema vert å levere til lønnsavdelinga for vidare innsending til Nav med inntektsopplysingar for arbeidstakar som skal ha sjukepengar/foreldrepengar/svangerskapspengar/pleie-/opplæringspengar/omsorgspengar.

Tilsette som ikkje har opptent rett til foreldrepengar (hatt løn i 6 av dei 10 siste månadane), må
søkje permisjon utan løn. I tillegg kontakte NAV for å søkje om eingongsstønad. Det same gjeld
om ein har ei løn under ½ G.  

12.1.4 Amming
Hovudtariffavtalen § 8.3.4 og Arbeidsmiljølova § 12.8.

For deltidstillsette med redusert arbeidsdag vert det føreteke høvesvis utrekning av løna fritid.

Arbeidstakar gis fri med lønn i inntil 2 timar pr. arbeidsdag for å amme sitt barn i barnet sitt første leveår. Ved særskilt behov hos barnet gis fri med lønn også ut over barnet sitt første leveår.
For deltidstilsette så gis det permisjon ut frå korleis arbeidstida er organisert.
Døme:
Om mor har 60 % stilling og arbeider annakvar dag, så har vedkomande krav på 2
t/dagleg når ho arbeider. Er 60 % fordelt utover 5 dagar, så vert permisjonen gitt forholdsvis. Eksempel: 2tx60%=1,2t.

12.1.5 Melding
Arbeidstakar som treng permisjon etter pkt 12.1.1-12.1.6 skal gje tenesteleiar skriftleg melding i god tid på eige meldingsskjema for slike permisjonar

Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

12.2  Arbeidstidsordningar – tilrettelegging og redusert stilling
Arbeidstidsordningar skal være slik at arbeidstakarane ikkje utsettast for uheldige fysiske eller psykiske belastningar, og slik at det er høve til å ta omsyn til tryggleik. (Arbeidsmiljølova, 10-2 (1)

12.2.1 Nattarbeid
Arbeidstakar som regelmessig arbeider om natta har rett til fritak frå den arbeidstidsordning som gjeld for arbeidstakargruppa, dersom vedkommande av helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunner har behov for det og fritaket kan gjennomførast utan vesentleg ulempe for verksemda. Jf. (Arbeidsmiljølova, 10-2 (2)

Ved spørsmål om overføring frå nattarbeid til dagarbeid vil eit vesentlig moment i ulempevurderinga vere om det føreligg ledig dagarbeid som vedkomande er kvalifisert for i verksemda. Vidare må det også leggast vekt på om arbeidsgjevar av omsyn til andre tilsette kan omdisponere arbeidsstokken. Bestemmelsen gjev ikkje arbeidsgjevar plikt til å opprette nye stillingar som det ikkje er behov for, eller sei opp andre arbeidstakarar for å "finne plass" til vedkomande.

12.2.2 Fleksibel arbeidstid
Arbeidstakar har rett til fleksibel arbeidstid dersom dette kan gjennomførast utan vesentlig ulempe for verksemda. Jf. (Arbeidsmiljølova, 10-2 (3)

Sjå eiga avtale.

 

12.2.3 Redusert arbeidstid
Arbeidstakar som har fylt 62 år, eller andre som av helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar har behov for det, har rett til å få redusert  arbeidstida si dersom arbeidstidsreduksjonen kan gjennomførast utan vesentlig ulempe for verksemda. Når avtalt periode med redusert arbeidstid er over, har arbeidstakar rett til å gå tilbake til tidligare arbeidstid. Under elles like forhold har arbeidstakar med redusert arbeidstid fortrinnsrett til å auke arbeidstida si når stilling blir ledig i verksemda, under føresetnad at stillinga heilt eller i det vesentlege er tillagt dei same arbeidsoppgåvene. Jf. (Arbeidsmiljølova, 10-2 (4) 

I samsvar med lova sitt forarbeid legg ein til grunn at foreldre/fosterforeldre med barn under 10 år har behov for å få redusert si arbeidstid, dersom dei ber om dette. Dei treng ikkje å grunngje behovet nærare. (Arbeidsmiljølova, 10-2 (2)

Andre vektige velferdsmessige behov

«Alternativet tar i første rekke sikte på å imøtekomme foreldres ønske om mer tid til samvær med små barn eller behov som følger av problemer med å skaffe barnepass i arbeidstiden. Foreldre med barn under 10 år og aleneforeldre anses å ha vektig grunn.

Hva som ellers kan gi rett til redusert arbeidstid må vurderes konkret i det enkelte tilfelle, men formuleringen vektige velferdsgrunner innebærer at det må foreligge et kvalifisert behov. Forhold som lang reisevei, deltakelse i politisk virksomhet, idrett eller andre fritidsaktiviteter, er ikke å anse som vektige velferdsgrunner. Arbeidstiden kan for eksempel reduseres i form av kortere arbeidsdager, færre arbeidsdager per uke, eller arbeidsfrie perioder i løpet av året.»

Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

12.3. Pleie av pårørande
Ein arbeidstakar som pleier nære pårørande i heimen i livets sluttfase har rett til permisjon utan løn i 60 dagar for pleie av den enkelte pårørande. Jf. AML. §12-10 (1) Det kan søkjast NAV om pleiepengar. Arbeidstakar som gir nødvendig omsorg til foreldre, ektefelle, sambuar eller registrert partner, har rett til permisjon i inntil ti dagar per kalenderår, jf. AML. §12-10 (2)

Arbeidsgjevar har ikkje løns- eller forkutteringsplikt i tilfeller som dette. Dokumentasjon må leggjast fram, og vil normalt vere erklæring frå lege eller frå institusjon kor den pleietrengande er innlagd.