Permisjonsreglement

1. Innleiing

1.1 Permisjonsreglementet

Gjeld for tilsette i Kinn kommune og dei kommunale føretaka. 

1.2 Reglementet sitt omfang

Reglementet gjeld for alle arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold, også arbeidstakarar med tidsavgrensa arbeidsavtalar - med ei på førehand fastsett arbeidstid, Jf Hovudtariffavtalen (HTA) kap 1.1
Deltidstilsette vert innvilga permisjon høvesvis etter stillingsstorleik. For tilsette i skuleverket gjeld spesielle tilpassingar, slik dei går fram av Hovudtariffavtalen.

1.3 Reglementet sine avgrensingar

Reglementet gjeld ikkje dersom det strir mot lov, tariffavtale eller andre reglar som er bindande for kommunen.