Permisjonsreglement

15. Permisjon for å utføre tillitsverv

15.1 Offentlege tillitsverv
Permisjon for å utføre kommunale eller andre offentlege verv er regulert i HTA kap. 1 §14. 1 første ledd. Arbeidstakarar som er pålagt slike verv, får permisjon og kan etter søknad få behalde løna si. Arbeidstakarane plikter å rette seg til næraste overordna på førehand.

Med offentlege tillitsverv er meint ombod som er oppretta ved lov eller heimel i lov, herunder medommarar, skjønnsmedlemer, og rettsvitne. Det blir minna om at bestemmelsen er en "kan" bestemmelse. Permisjonsrettigheter for ein arbeidstaker som blir vald til stortingsrepresentant, ordførar eller anna offentlig verv, sjå aml §12-13 og kommuneloven §40.

15.1.1 For å utføre offentlege tillitsverv som ikkje går inn under pkt 15.1.2 blir det gitt permisjon slik:

  • Inntil 12 dagar pr år med løn.
  • Fråvær på under ein dag kan ein rekne saman til heile dagar.
  • Permisjon utover 12 dagar blir gjeve utan løn.
  • Det kan avtalast fleksibelt uttak av permisjonsdagane.

Føresetnaden for permisjon er at ein ikkje kan utføre tillitsvervet utanom arbeidstida.

15.1.2 Arbeidstakar som blir utnemnd/vald til verv i regjering, stortingsrepresentant, ordførar eller anna offentlege tillitsverv på heiltid, får permisjon utan løn for valperioden/eller så lenge ein har vervet i valperioden.
 Arbeidstakar pliktar å gje melding til tenesteleiar.
   
15.1.3 For offentleg tillitsvald på deltid vert det innvilga permisjon med høvesvis redusert løn
Arbeidstakar pliktar å gje melding til Tenesteleiar.
            
15.2. Politisk arbeid - nominasjonsmøte
Vald utsending til nominasjonsmøte ved stortings-, fylkestings-, eller kommuneval blir innvilga permisjon med løn.
Arbeidstakar pliktar å gje melding til tenesteleiar.
 
15.3 Tillitsverv i arbeidstakarorganisasjonane 
Permisjonar til tillitsvalde i arbeidstakarorganisasjonane (plasstillitsvalde, hovudtillitsvalde, verneombod, hovudverneombod og medlemer av partsamansette organ) blir gitt i samsvar med Hovudavtalen § 3-5.
Arbeidstakar pliktar å gje melding til tenesteleiar 

15.4 Fastløna tillitsvald/funksjonar i arbeidstakarorganisasjon
Arbeidstakar som av organisasjon sin blir vald til fastløna tillitsverv, får permisjon. Arbeidsgjevar skal legge ut for løn og få dette refundert frå arbeidstakarorganisasjonen.

15.5 Andre tillitsverv
For utføring av andre tillitsverv kan kommunen etter konkret vurdering innvilge permisjon utan løn.
Avgjerdsmynde:    Tenesteleiar