Permisjonsreglement

16. Ymse permisjonar

16.1 Overgang til stilling utafor kommunen
Overgang til stilling utafor kommunen I perioden 01.01.2022 – 31.12.2025 vil Kinn kommune, i ein fase med nedbemanning, være positive til å imøtekome søknader om permisjon for å ta arbeid utanfor kommuen. Permisjon utan løn kan gjevast, etter ei konkret vurdering, dersom dette ikkje vil medføre vesentlege ulemper for tenesta.
Avgjerdsmynde: Tenesteleiar

16.2 Ny stilling i kommunen
16.2.1  Vikariat
Som hovudregel skal ein gi permisjon dersom det ikkje vil medføre problem å skaffe vikar eller skadeverknadane for kommunen totalt ikkje vert vesentlege.
Avgjerdsmynde: Tenesteleiar.
 
16.2.2 Fast stilling
Som hovudregel skal ein ikkje gi permisjon. Ein kan likevel gi permisjon etter ei konkret vurdering der ein legg vekt på arbeidstakaren sitt behov for å skifte stilling og verknader for kommunen. Sjå punkt 2.3.
Avgjerdsmynde: Tenesteleiar.

16.2.3 Beordring
I dei høve ein tilsett vert beordra til å gjere anna teneste i kommunen vert det samstundes gjeve permisjon.
Avgjerdsmynde: Rådmannen.

16.3 Permisjonslengd
Permisjonar etter reglane i pkt. 16 kan gjevast for inntil 1 år.
I heilt spesielle tilfelle kan ein forlenge permisjonen med ytterlegare 1 år dersom det ikkje medfører problem for drifta. 
Avgjerdsmynde: Tenesteleiar.

16.4 Deltaking i rednings-/leiteaksjonar
Arbeidstakar som er knytt til hjelpeorganisasjonar blir gitt permisjon med løn i samband med utrykkingar i rednings- og leiteaksjonar.
Avgjerdsmynde: Tenesteleiar.