Permisjonsreglement

10. Utdanningspermisjon og kurs

10. 1 Rett til utdanningspermisjon – og føringar
Rett til utdanningspermisjon – Arbeidsmiljølova § 33 D.

Arbeidsmiljølova § 12-11, Usemje om permisjon etter Arbeidsmiljølova sin § 12-11, kan leggast fram for
tvisteløysingsnemnd.

Hovudtariffavtalen §14-2 – 14-4, Hovudavtalen 3-6.
Dette omfattar all typar vidareutdanning, etterutdanning og kurs, samt tillitsvaldopplæring.

Utdanningspermisjon - Permisjon etter Hovudtariffavtalen, Kap 1. § 14. 2

Ved handsaming av søknader om permisjon og utgiftsdekking i samband med kurs/ utdanning/etter- og vidareutdanning i Kinn kommune vert det, ut frå eit mangfaldperspektiv, lagt vekt på at kvinnelege arbeidstakarar, personar med fleirkulturell bakgrunn, yrkesvalhemma personar og menn i kvinnedominerte yrke får særskild merksemd. Sjå punkt 2.3. Det må komme fram i både søknad og svar om permisjonen gjeld med eller utan løn og annan kostnadsdekking.

10.2 Grunnutdanning
Grunnutdanning er den utdanning som ein krev i vedkomande stilling. Arbeidstakar har rett til heil eller delvis permisjon utan løn inntil 3 år for å delta i organisert utdanningstilbod, jf. Arbeidsmiljølova § 12-11.
Avgjerdsmynde:       Tenesteleiar    
Permisjon med heil/delvis løn kan gjevast som rekrutteringstiltak.
Avgjerdsmynde:      Rådmannen        
 
10.3 Etterutdanning/kurs/fagleg utviklingsarbeid
Etterutdanning er ajourføring og utvikling av kunnskap og nødvendig opplæring innan nye fag- og arbeidsområde som ligg til vedkomande stilling. Ein kan gi permisjon med heil eller delvis løn. Det kan tilståast dekking av utgifter til kursavgift og reise/opphald. 

Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

           
10.4 Vidareutdanning - kompetansegjevande
Vidareutdanning tek sikte på å kvalifisere arbeidstakar utover det som vert kravd i stillinga som vedkomande er tilsett i.  

For utdanning som ledd i den interne karriere- og utviklingsplanen for å gjere arbeidstakaren kvalifisert til å gå inn i anna stilling i kommunen, eller der arbeidsstaden har ein klar trong for den kompetansen utdanninga gjev og det er vanskeleg å rekruttere slik kompetanse eksternt, kan ein gje permisjon med heil eller delvis løn for inntil 1 år. Det kan tilståast dekking av utgifter til kurs og reise/opphald.

For utdanning som er ledd i arbeidstakaren sin personlege karriereutvikling kan ein gje permisjon utan løn i inntil 3 år/for den tida (normert) utdanninga varer jf. Arbeidsmiljølova §12-11.   

Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

Dersom ny utdanning / vidareutdanninga kvalifiserer for arbeid som naturleg ligg utanfor vedkomande tenesteområde, avgjer Rådmannen.


10.5 Kurs arrangert av arbeidstakarorganisasjonane
10.5.1 Kurs for  tillitsvalde
Jf. HA del B, §3-6  Som hovudregel vert det innvilga permisjon med full løn for tillitsvalte som deltar i tillitsvaldopplæring i hovudavtale, hovudtariffavtale, og opplæring knytta til særavtalar og lovbestemmelsar. Det er ein føresetnad at kurset har eit innhald som har tilknyting til arbeidstakaren sin funksjon som tillitsvald (funksjonar som er definert i Hovudavtalen).
Politisk prega kurs, interne kurs for opplæring av funksjonar som kasserar, sekretær mv i eigen organisasjon gjev ikkje slik rett.

Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar


10.5.2 Andre kurs
For deltaking på kurs arrangert av organisasjonar som kommunen har inngått tariffavtale med, kan ein innvilge permisjon med heil eller delvis løn. jf. HA del B, §3-6. Det er ein føresetnad at kurset har eit innhald som har relevans og er til nytte for vedkomande sitt arbeid i kommunen.   
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar            
 
10.6 Eksamensfri
I samband med eksamen vert det gitt permisjon med løn etter reglane i HTA § 14.4.               

For å få innvilga permisjon med løn, må arbeidsgjevar først vurdere om utdanning har relevans for kommunen. Når denne relevansen er vurdert og ligg føre, utløyser det permisjon m/løn for eksamensdagen/-ane. Fell den/dei på fridagar, er det ikkje snakk om noko form for kompensasjon.
Dernest og i forkant utløyser det permisjon m/løn for to lesedagar pr. eksamen. Det er ein føresetnad at arbeidstakaren ville hatt ordinært arbeid dei to dagane direkte før eksamen. Er t.d. eksamen ein måndag, og ein har fri laurdag og søndag, vert permisjon innvilga for måndag, og ikkje meir. Gruppeeksamen/heimeeksamen over fleire dagar blir rekna som ein eksamen og gir rett til fri på
innleveringsdagen, samt to dagar (lesedagar) i forkant. Ved eksamens former som varer tre samanhengande dagar eller meir, skal det drøftast ein ytterligare tilrettelegging.  Prøvar/eksamenar som fell utanom det som kvalifiserer til permisjon, er mellom anna førarprøve (når dette ikkje følgjer av kommunen si interesse, t.d. utviding av sertifikat), fornya prøve til eksamen i vidaregåande skule og eksamen i fag som ligg heilt utanfor arbeidstakaren sitt arbeidsområde og naturlege karriereutvikling.

Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

10.7 Erstatning for fridag som vert brukt til kurs
Heil og deltidstilsette som får permisjon med løn for å delta på kurs, får ikkje erstatta fridag som
fell på kursdag med mindre vedkommande er pålagt å delta på kurset. Unntaket er turnusarbeidarar som er innvilga permisjon med løn for å delta på kurs på sin lovbestemte vekefridag. Dei skal ha ny fridag som kompensasjon – jf. HTA pkt 14.2. Deltidstilsette vert innvilga permisjon i høve til storleiken på stillinga. Permisjon til møter/kurs/kongressar betalt/sponsa av eksterne aktørar.  I mange høve kan tilsette i kommunen bli invitert til fagmøte, kurs og kongressar kor delar av eller heile kostnadane vert dekka av eksterne aktørar. Enten firma som kommunen allereie har avtalar med, eller andre private aktørar som kan ha kommersiell interesse av at tilsette i kommunen deltar på deira arrangement.
Hovudregelen er at dekking av reise og opphaldsutgifter til slike fagmøte, kurs og konferansar skal betalast av tenesta/kommunen.
Unnataket kan vere tilsette som vert invitert til arrangement som er vesentleg for kommunen sin fagleg utvikling og strategi.

Faktorar som skal vurderast ved slike unntak er:

  • kven som søkjer/vert invitert – stilling i kommunen
  • fagleg innhald på kurset/kongressen
  • alternativ kompetansetiltak
  • nytteverdien for den tilsette og tenesta/kommunen

 
10.8.1  Pålagt kurs av arbeidsgjevar:

Kvar fridag vert å erstatte med ny fridag.
Pålagt kurs utover ordinær arbeidstid skal kompenserast som overtidsarbeid etter HTA§6.1

Kurs-/tidsplan og/eller tilsvarande vert å legge fram som dokumentasjon.
   
10.8.2  Frivillige kurs
Fridagane vert ikkje erstatta.
Unntak:  

  • Fridag som er erstatning for arbeid på søndag vert å erstatte.

 Avgjerdsmynde:              Tenesteleiar