11 11. Pliktteneste - bindingstid
Pliktteneste kan avtalast skriftleg med den einskilde dersom kommunen ved opplæring har ytt vesentleg økonomisk støtte. Plikttenesta er avgrensa til maks 2 år (HTA kap. 14.3.) etter avslutta utdanning.
Dersom arbeidstakaren sluttar i kommunen før bindingstida er ute, vert den økonomiske ytinga å betale attende høvesvis, med mindre anna vert avtalt særskilt. Bindingstid er den tida ein arbeidstakar vert pålagt å gjere teneste i kommunen etter fullført utdanning, og er berre aktuelt i dei høve der det vert gjeve økonomisk støtte (løn, stipend, kursavgifter, opphaldsutgifter, vikarutgifter etc.) jf. HTA § 14.3. Bindingstid skal påleggast dersom løn og anna økonomisk støtte samanlagt tilsvarer:
Minst tre månadsløner
|
1 års bindingstid
|
Seks månadsløner og meir
|
2 års bindingstid
|
Sluttar vedkommande før bindingstida er ute, skal den økonomiske stønaden som er gjeven, betalast tilbake høvesvis. Bindingstida skal han/ho byrje å avtene innan 2 månader etter at utdanninga er avslutta, og skal avtenast i minst 75% stilling. Det skal nyttast standard avtale om bindingstid. Rådmannen kan i særskilte høve fråvike kravet om bindingstid og tilbakebetaling.
Avgjerdsmynde: Tenesteleiar/Rådmannen.