Permisjonsreglement

13. Velferdspermisjon

13.1 Ymse velferdsføremål
Velferdspermisjonar er regulert i HTA kap.1.§14.1 andre ledd.

Tilsette har rett til velferdspermisjon til dei føremåla som er nemnde i punkta nedanfor.
Når vektige velferdsgrunnar ligg føre, kan ein arbeidstakar i 100% stilling samla (for alle typar velferdspermisjonar) få inntil 12 arbeidsdagar pr kalenderår. Deltidstilsette vert innvilga løna permisjon høvesvis etter stillingsstorleik. Til dømes: 50% stilling kan få inntil 6 arbeidsdagar pr kalenderår.

stillingsprosent

100

90

80

70

60

50

40

30

20

10

Tal dagar

12

11

10

8

7

6

5

4

3

2


Ein kan innvilge fri utover 12 dagar, men  som permisjon utan løn.

13. 2 Pleie av sjuke foreldre

  • 1-2 dagar med løn.

Avgjerdsmynde:       Tenesteleiar

13.3 Alvorleg sjukdom
Ved alvorleg sjukdom i næraste familie; (barn, ektefelle, sambuar, foreldre, søsken, besteforeldre).
1 - 5 dagar med løn.
Avgjerdsmynde:        Tenesteleiar

13.4 Dødsfall, gravferd
Ved dødsfall i næraste familie; (barn, ektefelle, sambuar, foreldre, søsken, besteforeldre).  
1-3 dagar, eventuelt med tillegg av 1 reisedag, med løn.        
Avgjerdsmynde:        Tenesteleiar.

13.5 Tilvenning av barn i barnehage, dagmamma og skule.

  • For tilvenning av barn i barnehage/dagmamma: 1- 2 dagar med løn.
  • For å følgje med barn 1. skuledag: 1 dag med løn.

Permisjonen gjeld ikkje ved:

  • innskriving i skulen
  • når SFO/barnehage/skule er stengt pga. planlegging.
  • byte av barnehage


Avgjerdsmynde:     Tenesteleiar
 
13.6 Dåp/namnedag og konfirmasjon
Ved dåp/namnedag eller konfirmasjon av eige barn: den aktuelle dagen, med løn.         
Avgjerdsmynde:      Tenesteleiar
 
13.7 Bryllaup/partnarskap
For eige bryllaup/partnarskap:  den aktuelle dagen,  med løn.
Avgjerdsmynde:      Tenesteleiar
 
13.8 Husbygging og istandsetting av eige hus/husvære
Ved husbygging og istandsetting av eige hus/husvære, eller flytting: 1-2 dagar utan løn.

Avgjerdsmynde:      Tenesteleiar          

13.9. Kultur og idrettsarrangement
For deltaking i nasjonale- og internasjonale kulturarrangement.

1-5 dagar utan løn.

Avgjerdsmynde:     Tenesteleiar
 
13.10 Feiring av religiøse og nasjonale høgtidsdagar
For feiring av religiøse og nasjonale høgtidsdagar som ikkje er offisielle etter norsk kalender:

1- 2 dagar utan løn/avspasering.     
Avgjerdsmynde:     Tenesteleiar

13.11 Undersøking og behandling

Ved undersøking og behandling hos lege, tannlege, fysioterapeut og andre privat praktiserande, må avtalen så langt det er mogeleg leggjast til fritida. Etter ei konkret vurdering kan permisjon innvilgast med løn for faktisk medgått tid til undersøkning og reise.

Etter ei konkret vurdering kan permisjon innvilgast utan løn ved til dømes nattevakt i forkant av konsultasjon.

Avgjerdsmynde:   Tenesteleiar

Rådmannen vil gjere tiltak for at praksis blir mest mogeleg lik i heile organisasjonen.

13.12 Pasientfølgje av eigne barn eller nære pårørande

  1. Som hovudregel kan ein få permisjon utan løn for følgje av eigne barn/eller nærepårørande til behandling hos kjeveortoped/spesialist/sjukehus.
  2. Permisjon kan likevel imøtekomast med løn i særskilde høve, der følgje er naudsynt. 
  3. Dei som er følgje etter pkt 1 og 2, kan søke om  dekt reise og tapt arbeidsforteneste frå Pasientreiser etter eigne reglar.

Ref. https://helsenorge.no/rettigheter/pasientreiser/rettigheter/kan-jeg-ha-med-noen

Avgjerdsmynde:    Tenesteleiar
Rådmannen vil gjere tiltak for at praksis blir mest mogeleg lik i heile organisasjonen.

13.13  Andre tvingande velferdsgrunnar
Ved andre tvingande velferdsgrunnar kan ein ut frå ei konkret vurdering gi permisjon i: 1-2 dagar utan løn.
Avgjerdsmynde:    Tenesteleiar