Rutine for rettleiing, tilrettevising og advarsel

8. Sakshandsaming ved advarsel

Ein skriftleg advarsel er ein reaksjonsform arbeidsgjevar kan nytte ovanfor ein tilsett som:

  • Ikkje følgjer opp etter rettleiing,
  • Ikkje kan følgje opp arbeidsgjevar sine forventingar og oppfølgingsplanar
  • Pliktbrot og misleghald av arbeidsavtalen.

Formålet med ein advarsel er å tydeleggjere arbeidsgjevar sine forventingar, samt vise konsekvensane dersom den tilsette ikkje innrettar seg etter desse. Ved utforming av ein advarsel må ein vere oppmerksam på at ein skriftleg advarsel er å sjå på som eit enkeltvedtak og sakshandsaminga skal følgje reglane slik det går fram av forvaltingslova §2 andre ledd. Det er difor fleire forhold som skal veret til stades for å kunne gje ein advarsel, kontra ei tilrettevising sett i forhold til gjennomgang av generell sakshandsaming over.

Ein skriftleg advarsel skal minimun innehalde:

  • Det skal kome tydleg fram at det er ein advarsel
  • Skildring av dei klanderverdige forholda
  • Synleggjere arbeidsgjevar si vurdering av alvor til saka
  • Uttrykke klart kva forventingar arbeidsgjevar har til den tilsette
  • Konsekvensar av å ikkje etterkome arbeidsgjevar sine forventingar

Skriftleg advarsel skal bare gjevast etter at arbeidsgjevar har gjennomført eit møte den tilsette i tråd med prinsippa ovanfor. Kommunedirektøren (KD), eller KD personalsjef kan gje skriftleg advarsel på vegner av Kinn kommune.