6. Sakshandsaming ved rettleiing gjennom møte med tilsett
Formål med rettleiingsmøte:
- Forventingsavklaring skal bidra til at den tilsette blir sett i stand til å oppfylle dei forpliktelsane som følgjer av den tilsette sitt ansvar og arbeidsoppgåver.
Innhald i eit rettleiingsmøte:
- Formålet med møtet skal presiserast og tydleggjerast
- Konkret skildring av kva forhold arbeidgjevar ikkje er nøgd med
- Arbeidsgjevar skal konkretisere sine forventingar til den tilsette
- Den tilsette skal få leggje fram sitt syn og si vurdering av saka og kunne gje uttrykk for sine forventingar til arbeidsgjevar i det forhold som er lagt fram, dette for å ivareta kontradiksjonsprinsippet.
- Arbeidsgjevar skal skildre vidare oppfølging av den tilsette i saka og eventuelle tiltak skal kome tydleg fram slik at den tilsette kan innfri forventningane.
- Konsekvensane av å ikkje innfri arbeidsgjevar sine forventingar skal gjerast tydeleg.
- Arbeidsgjevar skal melde frå om det kan bli aktuelt med andre reaksjonsformer, i eller i etterkant av møtet.