Rutine for rettleiing, tilrettevising og advarsel

1. Innleiing

Når ein tilsett ikkje oppfyller arbeidsgjevar sine forventingar eller utviser uakseptabel eller
uønska åtferd, har arbeidsgjevar høve til ulike reaksjonar innan styringsretten sine
rammer.

Fleire ulike handlingsmønster kan karakteriserast som forventingsavvik. Dette kan til
dømes vere at den tilsette stadig kjem for seint eller at den tilsette utvis upassande åtferd
mot andre tilsette i kommunen. Eit anna forventingsavvik kan vere misleghald av
arbeidsavtalen.

Dersom arbeidsgjevar vurderer å innleie ei personalsak skal tenesta alltid kontakte
personalavdelinga. Avklaringa har konsekvens for val av reaksjonsform.