Rutine for rettleiing, tilrettevising og advarsel

4. Sakshandsaming

Sakshandsaminga vil vere ulik avhengig av kva reaksjon ein skal gje. Personalavdelinga, saman med aktuell tenestleiar, handterer denne type saker. Det er viktig å sikre at:

  • Begge partar er kjende med kva saka gjeld
  • Arbeidsgjevar tydleggjer sine forventingar til den tilsette(tilrettevising)
  • Arbeidsgjevar sikrar dokumentasjon i alle ledd i sakshandsaminga og dei konkrete vurderingane som vert utført.
  • Arbeidsgjevar er tydleg på kva reaksjonform ein vel.

Nedanfor gjev ein ei skildring av sakshandsaminga ved dei ulike reaksjonsformene ein nyttar i Kinn kommune.