Rutine for rettleiing, tilrettevising og advarsel

9. Varighet på reaksjon frå arbeidsgjevar

Det finns ingen klar reglar på kor lenge ein skriftleg advarsel eller ei tilrettevising gjeld. Ein advarsel eller tilrettevising sin verdi når det har gått ei tid må vurderast konkret i forhold til om den kan sjåast i samanheng med eventuelt nytt forhold som arbeidsgjevar gjer reaksjon mot. Rettspraksis legg til grunn at ein advarsel vil ha avgrensa verdi
saklegdomsvurderinga ved ein oppseiing-/avskjed dersom det ikkje har vert noko å utsetje på den tilsette etter at advarsel vart gitt.

Når den tilsette har innretta seg etter arbeidsgjevar si rettleiing kan advarselen etter konkret vurdering fjernast frå personalmappa. Fjerning av dokumentet følgjer gjeldande rutine. Ein tidlegare advarsel eller tilrettevising for liknande forhold vil kunne ha verdi som dokumentasjon på at den tilsette har kjennskap til arbeidsgjevar sine forventingar og veit kva som er akseptabelt i arbeidsforholdet. Ein eldre advarsel for heilt andre forhold vil sannsynlegvis ha liten verdi i ei ny sak.