Rutine for rettleiing, tilrettevising og advarsel

2. Rettsleg grunnlag

Reglar om tilrettevising og advarsel er i utgangspunktet ikkje regulert i arbeidsmiljølova. Arbeidsgjevar si plikt og rett til å gje tilrettevising og advarslar ligg i den ulovfesta styringsretten. Arbeidsgjevar skal leie og kontrollere arbeidet, dette innebærer og plikt til å rettleie dei tilsette.

Dersom hensikten med reaksjonen er å tilrettevise og rettleie arbeidstakar vidare, bør
reaksjonen vere ei tilrettevising.

Dersom reaksjonen bær preg av ei form for straff for uønska hending, som pliktbrot, kan dette føre til advarsel. Advarslar må difor følgje forvaltningslova sine reglar for enkeltvedtak.

For oppseiing, suspensjon og avskil, gjeld Arbeidsmiljølova kap. 15.