Retningsliner for bruk og kjøp mobiltelefon

4. Diverse

Permisjonar og pensjonering

Telefonen kan som hovudregel nyttast under løna permisjon, dersom ikkje anna er avtalt mellom leiar og tilsett. Ved pensjon eller oppseiing avsluttast ordninga med tenestetelefon frå Kinn kommune.

Høve til å nytte kommunal telefon kun i arbeidstida

Det er høve til å reservere seg mot å delta i denne ordninga. Tenestetelefon skal då ligge igjen på arbeidsplassen ved endt arbeidstid.

Trådlaust nett i kommunale bygg

Alle brukarar skal kople seg til kommunen sitt trådlause nett. Dette er tilgjengeleg på dei fleste kommunale bygg og vil spare mobildatakvoten til bruk utanfor dei trådlause sonane.