Retningsliner for bruk og kjøp mobiltelefon

1. Ordningar for dekking av mobilbruk i Kinn

Kven kan tildele kommunal mobiltelefon

Kommunedirektøren, kommunalsjefar og tenesteleiarar.

Kven kan få kommunal mobiltelefon (i og utafor arbeidstid)

Tilsette med oppgåver og ansvar som gjer at Kommunedirektøren, kommunalsjefar og tenesteleiarar finn det føremålstenleg at den tilsette er utstyrt med mobiltelefon.

Den tilsette kan sjølv velje anten å legge igjen telefonen på arbeidsplassen eller å nytte den i fritida.

Kva dekker kommunen?

  • Telefonen er å rekne som Kinn kommune sin eigedom. Kommunen dekker inntil kr 8.000,- eksklusiv meirverdiavgift kvart tredje år.
  • Den tilsette må sjølv dekke kostnadar utover dekt beløp. Sum over 8.000,- eksklusiv meirverdiavgift skal i sin heilheit trekkast frå løn neste månad.
  • Tenesteleiar er ansvarleg for at løn varslast slik at den tilsette blir trekt korrekt beløp.
  • Alle telefonar skal ha deksel og glassbeskyttelse til skjerm. Dette betalast av arbeidsgjevar og inngår ikkje i fribeløpet. Tilsette som ikkje tar desse forholdsreglar må sjølv dekke eventuelle reparasjonskostnader.
  • Det ventast at tilsette i Kinn kommune tar godt vare på mobiltelefonane sine. Dette inkluderer å ta naudsynte forholdsreglar, slik at ein unngår stålne, mista eller øydelagde telefonar. Om arbeidsgjevar skal erstatte tapt telefon med ny (ev. også tilsvarande) telefon, skal vurderast i kvart einskild tilfelle.
  • I dei tilfelle mobiltelefonen har vore utsett for heilt spesiell slitasje som følge av utearbeid/anleggsarbeid, kan tenesteleiar i det einskilde tilfelle vurdere å erstatte ny mobiltelefon tidlegare enn kvart tredje år.
  • Dersom den tilsette avsluttar arbeidsforholdet og ikkje lengre har rett til kommunal telefon, kan den tilsette kjøpe ut telefonen. Kommunens andel avskrivast då med 1/3 pr. påbegynt år. Eventuelt restbeløp trekkast frå løn.

Framgangsmåte for bestilling av mobiltelefon

  • Tenesteleiar aksepterer behov for telefon.
  • Telefonen skal bestillast gjennom kommunens rammeavtale. Ønsker den tilsette ein dyrare telefon skal tenesteleiar varsle løn slik at sum over dekt beløp trekkast i sin heilhet ved neste lønning.

Bruddavgifter i samband med nytilsetting

  • Ei eventuell bruddavgift må dekkast av tidlegare eigar av abonnementet.
  • Unntak frå bruddavgifter skal godkjennast av kommunalsjef/Kommunedirektøren.

Kva dekker det faste abonnementet

  • Samtalar i Norge til åttesifra norske nummer for fastnett og mobil.
  • Tenestesamtalar til/fra EU/EØS og øvrige land/stater.
  • SMS/MMS i Norge til åttesifra norske mobilnummer.
  • Mobilt Breiband i Norge på inntil fire SIM-kort på same abonnement. Antall SIM-kort kommunen dekker avhenger av nødvendig utstyr i tenesta.
  • Tenesteleiar fastsett inkludert datapakke for dei tilsette (1/10/50GB).
  • Bruk av mobiltelefonen i utlandet innen EU/EØS.
  • Spesialnummer (femsifrede og nummerserier som starter på 800, 810 og 815).
  • Opplysningsteneste gjennom applikasjonen til Telenor MobiltBedriftsNett.

Kostnader som ikkje dekkast, og som blir trekt månadleg i løn:

  • Mobile innhaldstenester og betaling via mobilen for varer/tenester.
  • Opplysningstenester (1880, 1881, 1888 etc). MobiltBedriftsNett app har 1881 opplysningstjeneste, og denne skal nyttast.
  • Teletorg-nummer som starter på 820, 829.
  • Differanse mellom dekt datapakke og ønska datapakke.
  • Databruk utover pakke.
  • Bruk i utland utover EU / EØS.
  • Privatsamtalar til EU/EØS og til/fra øvrige land/stater.
  • Mobile betalingstenester som donasjonar, parkering, ulike abonnementstenester avstemmingar og liknande.