Budsjett, omstilling og endringsarbeid med «flomlyset på»

Det er stort fokus på omstillingsprosess i Kinn kommune, i avisene og i sosiale media. Prosessen føregår med andre ord med «flomlys». Vi ynskjer å vere opne og vi har no gjort det endå enklare å finne informasjon om innhaldet i prosessen slik at du kan fylgje med.

Attraktivitet og omstilling

Kinn kommune er ein relativt ny organisasjon med store ambisjonar for utvikling av tenester, planar for investeringar for framtida og kva vi tenkjer å gjere for miljø, verdiskaping og busetnad. Med ambisjonar fylgjer det krav til forbetring og endra ressursutnytting. Renter og avdrag på nye investeringar aukar behov for tilpassingar, og vi driv i dag tenestene med større utgifter enn inntekter. 

Kort sagt; vi må sjå korleis vi jobbar og driv. I planarbeidet vårt for den langsiktige areal- og samfunnsutviklinga har vi valt «attraktivitet og omstilling» som retningsførande. Denne hausten gjennomfører vi mange møte med næringsliv, foreldreutval og lag/organisasjonar, om korleis vi kan skape ein god kommune med gode lokalsamfunn, med utgangspunkt i dei ovannemnde føringane. Korleis utvikle samfunn og gode tenester er viktig for å fremje samskaping. 

Kommuneplanen sin samfunnsdel vil også bli lagt fram til politisk handsaming denne hausten.

Jobbe betre saman for å finne løysingar

Vi treng også å finne måtar der politisk og administrativt nivå jobbar betre saman. Derfor prøver vi ut samspel mellom administrasjonen der faglege arbeidsgrupper jobbar saman med finansutvalet om korleis få fram betre grunnlag for avgjerd til kommunestyret. Tillitsvalde, leiarar og andre fagpersonar er med i gruppene. Finansutvalet har trekt opp mål for arbeidet. Utvalet har gått ut frå at vi må frigjere 100 mill. kr. i løpet av 4 år. Korleis dette blir innarbeidd og kva tiltak som blir arbeidd med er vist nedanfor.

Bruk av færre ressursar til administrasjon

Eit av måla for kommunereforma, som også kommunestyret har sett krav om, er å jobbe med gevinstrealisering og bruke færre ressursar til administrasjon, noko som har vore jobba med sidan 2020. Etter å ha hausta erfaring i drift vart det våren 2023 sett i gang arbeid med ny leiings- og styringsstruktur. Vi har utarbeidd ny organisasjonsplan og ny oppgåvefordeling med færre ressursar, men utan tap av fagleg breidde. Her er det peika på korleis vi kan nå ei målsetting om stillingsnedtrekk innan 2027 med 24 årsverk (dvs. omlag kvar 4. stilling i høve før 2022). Vi treng å jobbe med digitale løysingar, arbeidsflyt og bli meir tverrfagleg.

Ny tildeling, arbeid med rekruttering og fleire omsorgsplassar  

Omsorgstenestene våre står overfor fleire oppgåver med omsyn til fleire eldre og endring i yngre sitt hjelpebehov. Vår førebuing handlar om å bygge ut kapasitet i institusjon. Vi må dessutan sørge for at vi kan klare å rekruttere og vi må fordele ressursane til innbyggjarane med hjelpebehov ut frå faglege standardar. Derfor har vi jobba med å utvikle ein ny tildelings- og tenestestandard. Vi kan ikkje forvente at alle innbyggjarar eller pårørande alltid får ynskja sine oppfylt. Omstillingstiltaka og endringsframlegga i tildeling av tenester må skje fordi vi også får nye investeringar å ta omsyn til i drifta vår. Vi ynskjer også legge til rette for auka bustadbygging til eige og leige i sentrum.

Tilpassing til færre elevar, vi har behov for færre skulebygg

Endringar i skule og barnehage vil handle om ei framtidig tilpassing til færre skulebarn. Vi har meir enn 3000 elevplassar tilgjengeleg, men vil ha behov for 1800 elevplassar i løpet av dei neste åra fordi elevtalet vert redusert. Fleire av skulane våre har dessutan stort oppgraderingsbehov. Med færre skular vil vi også redusere utgifter til energi, reinhald og vedlikehald av bygg.

Tilpassing til færre skular er utgreidd av Norconsult. Dei peikar på at kriteria som vurdering av barnet sitt beste ut frå nærleik til skule, leik og læring, fagleg utvikling for tilsette, og kostnadseffektivitet, er viktig å vurdere ved tilpassing til færre skular.   

Andre rapportar som finansutvalet har drøfta viser at når vi samanliknar oss med andre kommunar kan vi bli betre ved å organisere og fordele ressursane annleis (vri ressursbruk til t.d. tidleg innsats). Med færre og større skular vil vi oppretthalde sterke fagfelleskap med fokus på å skape gode inkluderande skuletilbod, og god tverrfagleg innsats. Slik kan vi redusere behovet for særløysingar og omfanget av individuelt tilrettelagt opplæring.  Færre og større skular vil og gje større fagmiljø på kvar skule, noko som gjer det lettare å halde på kompetansen og å rekruttere til fagstillingar. Med ei slik omstilling har vi som mål om å utvikle ein god skule og å nå måla i økonomiplanen. 

Vi har ikkje ressursar til å ta godt nok vare på vegar, bygg og utstyr

Når vi samanliknar oss med andre kommunar ser vi at vi brukar mindre enn andre på å drive bygg, vegar og infrastruktur. Vi er med andre ord meir effektive enn andre, men vi har ikkje budsjett til dei faktiske utgiftene. Ein slik ubalanse kan ikkje halde fram. Det er vanskeleg å ta frå andre sektorar for å dekke opp underdekninga. Publikum, m.a. i distrikta, har reagert på framlegg om å la innbyggjarane sjølve overta ansvaret for vegane når det er færre enn 10 brukarar av vegen. Det vert jobba med andre modellar for å handtere ressursutfordringane her, også om byrdefordeling mellom fylkeskommunen og kommunen i høve ferje- og båtruter.    

Utvikling av langsiktige planar for samfunnsutvikling, areal og attraktivitet

Vi har jobba ei stund med planar for attraktivitet og har denne hausten gjennomført mange møte med næringsliv, foreldreutval og lag/organisasjonar om korleis vi kan skape ein god kommune med gode lokalsamfunn. Desse vil også bli lagt fram til politisk handsaming denne hausten.

Tiltak og anna informasjon knytt til arbeidet

Trykk på kvart av punkta nedanfor for å vise meir informasjon om kvart tema. I denne artikkelen finn du også ei oppsummering av møter i finansutvalet med tilhøyrande opptak frå møta.

Her finn du også tiltakslista som er lagt fram for Finansutvalet, der administrative arbeidsgrupper i lag med Agenda Kaupang har utarbeidd ein rapport.