Les rapporten og tiltakslista i dette dokumentet (PDF, 3 MB) (Agenda Kaupang)
Les sakene til finansutvalet på fredag her.
Økonomiske utfordringar i kommunen
Som rapportane til politiske utval har vist er det eit gap mellom dagens driftsnivå og dei økonomiske rammene kommunen har tilgjengeleg. Stigande rente- og avdragsutgifter aukar presset på økonomien. I 2023 og 2024 har kommunen brukt mykje av fonda sine for å dekke inn ubalanse, noko som gjer situasjonen meir krevande no. Kinn kommune er ikkje åleine om desse utfordringane, som delvis kjem frå nasjonale økonomiske tiltak under pandemien.
Store investeringar og demografiske endringar
Kinn kommune har eit omfattande investeringsprogram fram mot 2030, med planlagde investeringar på 1,7 milliardar kroner, blant anna i skular, institusjonar og vegar. Samtidig aukar netto finansutgifter med om lag 100 millionar kroner fram mot 2030. Dette skjer i ein periode med store demografiske endringar, der ein aldrande befolkning legg press på ressursane. Fleire eldre og færre unge betyr at kommunen må omprioritere for å finansiere vekst i behov for tenester til eldre.
Tiltak for å betre den økonomiske situasjonen
Finansutvalet har arbeidd tett med Agenda Kaupang for å analysere økonomien og vurdere tenestekvaliteten i kommunen. Dei fann at Kinn brukte 144 millionar kroner meir enn gjennomsnittet i si kommunegruppe i 2023. Utvalet har satt eit mål om å redusere kostnadane med 100 millionar kroner i løpet av fire år.
Fire arbeidsgrupper har sett på ulike tiltak innan administrasjon, oppvekst, helse og velferd, og samfunn, kultur og miljø. Arbeidsgruppene har føreslått tiltak som kan redusere kostnadane og betre effektiviteten. Det er til dømes sett på om kommunen gir tenester til fleire innbyggarar enn naudsynt, om kostnadane er for høge, og om tenestene kan bli meir effektive.
Konsekvensar av tiltaka
Tiltaka som er føreslått, vil ikkje vere utan konsekvensar. Nokre vil påverke arbeidsplassar, andre vil kreve investeringar, og enkelte vil kreve fagleg utvikling for å kunne gjennomførast. Kommunen arbeider tett med arbeidstakarorganisasjonane for å sikre ryddige prosessar når det gjeld endringar i arbeidsstad og oppgåver.
Nokre tiltak kan kreve reforhandlingar med andre partar, som til dømes fylkeskommunen og leige av hallar og delfinansiering av rutetilbod. Eit anna tiltak er vurdering av interkommunalt samarbeid innan brann og redning – dette vil også krevje tid.
Vidare arbeid
I det vidare arbeidet vil kommunedirektøren gå grundigare inn i tiltaka og vurdere gjennomføringstidspunkt og omfang. Arbeidsgruppene har fokusert på strukturtiltak, som til dømes endringar i skulestrukturen. Dette er kontroversielt, men kan vere naudsynt for å sikre eit godt skuletilbod framover. Kommunestyret vil også vurdere andre tiltak, som endringar i brann- og redningstenesta og barnevernet.
Budsjettet for 2025 vil bli særs krevande, og kommunen vil jobbe hardt dei neste vekene for å finne tiltak som kan sikre balanse i økonomien.
Finansutvalet vil i kommande møte på fredag diskutere tiltakslista og rapporten som er utarbeidd av dei fire arbeidsgruppene i lag med Agenda Kaupang.