Møtereglement

5. Spørsmål og interpellasjon

  1. Alle medlemer kan stille spørsmål til møteleiaren før og under møte, også om saker som ikkje står på saklista jamfør kommunelova § 11-2
  2. For å gje møteleiar tid til å svare bør, men må ikkje, slike spørsmål fremjast minst 2 dagar før møtet.
  3. Dersom spørsmål er meir omfattande, og spesielt dersom det samstundes kjem framlegg til vedtak er dette ein interpellasjon. Interpellasjonar bør fremjast seinast 8 dagar før møtet.
  4. Innkomne spørsmål og interpellasjonar skal snarast mogeleg sendast til dei som skal delta på møtet.
  5. Framlegg til vedtak i interpellasjonar skal handsamast likt saker som ikkje stod på saklista jamfør punkt 4.3.d ovanfor. Unntaket er dersom det vart fremja så tidleg at det vart sendt ut til medlemane med den opprinnelege innkallinga.