Møtereglement

8. Ugildskap - inhabilitet

Det kan vere mange grunnar til at eit medlem er ugild i ei sak. Det visast til forvaltningslova §6:

  • når medlemen sjølv er part i saka
  • når medlemen er i slekt eller svogerskap med ein part i opp- eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som søsken;
  • når medlemen er eller har vore gift med eller er forlova med eller er fosterfar, fostermor eller fosterbarn til ein part;
  • når medlemen er verge eller fullmektig for ein part i saka eller har vore verge eller fullmektig for en part etter at saka
    starta
  • når medlemen leier eller har leiande stilling i, eller er medlem av styret eller bedriftsforsamling for
    1. eit samvirkeføretak, eller ei foreining, sparebank eller stiftinge som er part i saka, eller
    2. eit selskap som er part i saka. Dette gjeld likevel ikkje for person som utfører teneste eller arbeid for eit selskap som er fullt ut offentlig eigd og dette selskapet, åleine eller saman med andre tilsvarande selskap eller det offentlige, fullt ut eig selskapet som er part i saka.


Likeeins er eit medlem ugild når andre særeigne forhold ligg før som er eigna til å svekke tilliten til medlemen sin upartiskheit; blant anna skal leggast vekt på om avgjerda i saka kan innebære særleg fordel, tap eller ulempe for medlemen sjølv eller nokon medlemen har nær personleg tilknyting til. 

Det skal også leggast vekt på om ugildhetsinnsigelse er reist av ein part.

Ein folkevald kan ikkje erklære seg ugild, men kan be om at organet vurderer om ein er ugild.

  1. Den som etter kommunelova § 11-10 er ugild i ei sak, eller som etter siste ledd i same paragraf blir fritatt, skal ikkje ta del i handsaminga av saka.
  2. Er spørsmålet om ugildskap reist, vert det å følge reglane i forvaltningslova § 8 -2: “I kollegiale organ treffes avgjørelsen av organet selv, uten at vedkommende medlem deltar. Dersom det i en og samme sak oppstår spørsmål om ugildhet for flere medlemmer, kan ingen av dem delta ved avgjørelsen av sin egen eller annet medlems habilitet, med mindre organet ellers ikke ville være vedtaksført i spørsmålet. I sistnevnte tilfelle skal alle møtende medlemmer delta”
  3. Dersom eit medlem av kommunestyret ser at det kan bli spørsmål om eigen habilitet under
    eit føreståande møte, pliktar vedkomande å varsle administrasjonen så raskt som råd, slik at
    vara kan kallast inn.