Møtereglement

6. Medverknad frå innbyggarane

Kinn kommune ønskjer aktiv medverknad frå innbyggarane i dei politiske prosessane og legg til rette for dette på fleire måtar:

6.1 Spørjetid

Alle innbyggarar over 16 år i kan fremje skriftlege spørsmål direkte til kommunestyret seinast tre virkedagar før møtet. Spørsmåla må vere av allmenn interesse for innbyggarane og sendast til ordføraren. Ordførar kan avvise spørsmål, men må grunngje slik avvising sakleg og konkret.

Før kommunestyret vert sett, vert det ved behov sett av inntil 30 minutt til å svare ut slike spørsmål i møtesalen. Om det ikkje ligg føre spørsmål eller at tida til føremålet ikkje vert nytta fullt ut, går ein over til det ordinære kommunestyremøtet.

Eventuell tvil om forståinga av desse reglane vert avgjort av kommunestyret med vanleg fleirtal.

6.2 Innbyggarforslag

Innbyggarane i kommunen kan kome med framlegg som gjeld kommunens verksemd. Kommunestyret må ta stilling til framlegget dersom minst to prosent av innbyggarane står bak det. Likevel er 300 underskrifter alltid nok. Kommunestyret skal avgjere om det aktuelle framlegget gjeld kommunens verksemd.

Kommunestyret må handsame framlegget seinast seks månader etter at det er sett fram. Denne tidsfristen gjeld ikkje dersom framlegget blir sendt til handsaming i samband med ei pågåande plansak etter plan- og bygningsloven.

Dei som står bak framlegget skal informerast om vedtak som vert gjort, og om tiltak som vert gjennomført som følgje av framlegget. 

Det visast elles til kommunelova §12-1.