Møtereglement

3. Openheit og innsyn

Kinn kommune skal legge til rette for mest mogeleg innsyn og deltaking i den politiske og administrative handsaminga av saker. Dette tyder:

  1. Alle møter i folkevalde organ er opne og skal gjerast kjende på kommunen si nettside i god tid i førevegen
  2. Ved fysiske møter skal det sikrast tilkomst og eit tilstrekkeleg tal stolar for publikum
  3. Alle møter i folkevalde organ skal overførast digitalt (strøymast) og lenke til overføringa skal vere tilgjengeleg før og under møtet på kommunen si nettside
  4. Opptak av kommunestyre- og formannskapsmøter vert lagra og gjort tilgjengeleg for alle på kommunen si nettside.
  5. Kinn kommune skal praktisere meirinnsyn jamfør offentleglova §11: Når det er høve til å gjere unntak frå innsyn, skal organet likevel vurdere å gi heilt eller delvis innsyn. Organet bør gi innsyn dersom omsynet til offentleg innsyn veg tyngre enn behovet for unntak..
  6. Eit folkevald organ kan vedta at ei sak skal vere lukka (unntatt offentlegheit). Det skal i slike tilfelle synast til lovheimel for slik lukking. Debatt om slik lukking føregår normalt ope, men kan lukkast i særskilde høve jamfør kommunelova §11-5. Røysting om lukking av sak skal skje i open røysting. Dersom organet handsamar ein tilsett sine tenestelege vilkår (personalsak) skal saka lukkast. Det same gjeld dersom det er teiepliktige opplysningar som skal handsamast.
  7. Saker som vert lukka etter §11-5, andre ledd i kommunelova kan ikkje handsamast i fjernmøter (digitale møter) jamfør kommunelova §11-7.
  8. Medlemer av kommunestyret har rett til opplysningar frå administrasjonen om saker som vert handsama i eit politisk organ. Administrasjonen skal svare på slike førespurnader utan opphald