Møtereglement

9. Særskilt om formannskapet

Formannskapet handsamar framlegg til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak og gjev innstilling til kommunestyret i desse sakene. I tillegg handsamar formannskapet saker dei får i oppgåve frå kommunestyret gjennom einskildvedtak og delegeringsreglement. I sak som skal handsamast i kommunestyret etter at formannskapet har handsama den er det formannskapet som innstiller til kommunestyret.

Formannskapet har hastekompetanse dersom ei sak hastar slik at det ikkje er mogeleg å handsame den tidsnok i kommunestyret jamfør kommunelova § 11-8. Slike hastemøter kan haldast som fysiske møter, fjernmøter eller skriftlege møter. 

Dersom hastemøte skal haldast som skriftleg møte, må saksdokument og framlegg til vedtak sendast samstundes til alle medlemer. Framlegget er vedteke dersom:

  1. Alle sluttar seg til at framlegget kan handsamast skriftleg
  2. Alle sluttar seg til framlegget (samrøystes vedtak)