1. Innleiing
Dette reglementet regulerer gjennomføring av politiske møter i folkevalde organ i Kinn kommune. Det bygger på Kommunelova, Forvaltningslova og Offentleglova og har referansar til desse lovene der det er naudsynt.
Handsamingsrutinane i reglementet gjeld for kommunestyret, formannskapet og for utval og nemnder såframt det ikkje strir mot andre særskilte reglar eller lover.
Det er ordføraren eller møteleiar sitt ansvar å syte føre at reglementet vert følgd.
Reglementet kan endrast av kommunestyret og skal gjennomgåast minst ein gong i kvar valperiode, helst innan utgangen av andre år.
Når kommunestyret rullerer møtereglementet skal administrasjonen i samband med denne saka også kome med forslag om korleis utvala/utvalsleiar skal gå fram for tilfelle der medlemmar av utval eller tilhøyrarar forstyrrar møtet eller på anna måte hindrar forsvarleg sakshandsaming i møtet.