6.4 Tidsrom for skjenking av alkoholhaldig drikk
6.4.1 Opningstider
- Serverings- og skjenkestadene i Kinn kommune skal halde stengt mellom kl. 03.00 og kl 06.00.
6.4.2 Skjenketider
- Skjenketida for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 er frå kl 08.00 til kl 02.00.
- Skjenketida for alkoholhaldig drikk i gruppe 3 er frå kl 13.00 til kl 02.00.
6.4.3 Konsumering
All konsumering av alkoholhaldig drikk skal seinast vere avslutta ½ time etter skjenketids slutt for dei respektive alkoholgrupper. Dette gjeld både uteservering og inneservering.
6.6 Avgrensingar ved handsaming av skjenkesøknader
- Skjenkestaden anbefalast å ha meir enn ein godkjent stadavløysar.
- Det skal ikkje gjevast løyve i undervisningssenter/lokalar for barn og ungdom.
- Det skal ikkje gjevast skjenkeløyve på stader berekna berre for barn under 18 år.
- Det kan fastsetjast redusert skjenketid for skjenkeløyve der lokalet ligg i bustadområde.
- Det vil ikkje verte tildelt skjenkjeløyve til éin-prosents MC-klubber, eller klubber som sympatiserer med disse klubbene.
Kommunestyret viser til at det har vore problematisert frå ungdommen i Florø at det ikkje er skjenkestadar for myndige unge frå 18 år inntil dei fyller 20 år. Kommunestyret ber bransjen gjennom sin praksis med aldersgrenser om å legge til rette for at også denne befolkningsgruppa, som vi gjerne vil at skal finne kommunen attraktiv å bu i, kan nyte alkohol under ordna former som skjenkestader er, og ikkje berre bli henvist til andre uorganiserte arenaer. Kommunestyret tek difor atterhald om å kunne endre retningslinjene gjennom perioden og dermed også kunne sette vilkår ved tildeling av skjenkeløyver, dersom dette er eit problem som vedvarer. Det skal vere mogleg å ha utestadar med sakleg aldersgrense utover 18 år, men utfordringa oppstår i en situasjon der alle skjenkestadar har slike grenser som gjer at det ikkje finst eit einaste tilbod til myndige under 20 år.
6.7 Vilkår ved einskildløyve
Ved større einskildarrangement skal det før løyve vert gjeve, leggast fram plan for opplæring og informasjon til vakter, servitørar og andre som skal bidra under arrangementet. Helsedirektoratet sin "guide til god internkontroll" kan nyttast som mal for ein slik plan.