Alkoholpolitiske retningsliner 2024 - 2028

7 Inndraging av sals- og skjenkeløyver

Bestemmelsane om prikktildeling og inndraging (alkoholforeskrifta, §.10) gjeld der kontroll gjennomført i samsvar med alkoholforskrifta § 9, eller rapport frå andre myndigheiter, avdekker at innehavar av kommunalt sals- eller skjenkeløyve ikkje har 

  • oppfylt sine plikter etter alkohollova
  • oppfylt sine plikter etter bestemmelsar gjeve i medhald av alkohollova
  • oppfylt sine plikter etter bestemmelsar i lov eller i medhald i lov som har samanheng med alkohollova sitt formål
  • oppfylt sine plikter som følgjer av vilkår i løyvevedtaket 
     

7.1 Overtredings- og inndragingsperiode

Dersom løyvehavar i løpet av ein periode på to år er tildelt til saman 12 prikkar, skal kommunestyret inndra løyvet for eit tidsrom på ei veke. Dersom det i løpet av toårsperioden vert tildelt fleire enn 12 prikkar, skal kommunestyret auke lengda på inndraginga tilsvarande.

Ved berekning av toårsperioden skal tidspunkta for overtredelse leggast til grunn.

Toårsperioden gjeld uavhengig av om løyvet er fornya i løpet av perioden. Ved overdraging starter ny periode ved overdragingstidspunktet. 
 

7.2 Særlege omstende

  • Dersom det ligg føre heilt spesielle og særs formildande omstende, kan kommunen tildele færre prikkar for ein overtredelse enn kva som føl av alkoholforskrifta §10.
  • Dersom det ligg føre særleg skjerpande omstende, kan kommunen tildele fleire prikkar for ein overtredelse enn kva som føl av forskrifta, og kan ved særs skjerpande omstende også auke lengda på inndraginga utover det som nemnt i forskrifta. I dei alvorlegaste tilfelle kan løyvet inndragast for resten av løyveperioden.
  • Dersom ovannemnde omstende vert lagt vekt på, skal dette begrunnast særskilt i vedtaket. 
     

7.3 Kommunen sine rutinar ved overtredelsar

  • Der det ligg føre grunnlag for prikktildeling, skal kommunen sende ut førehandsvarsel om tildeling av prikkar, jfr. Forvaltningslova § 16.
  • Uttale frå løyvehavar skal ligge føre i alle instansar der sanksjonsreaksjonar skal handsamast, jfr. Forvaltningslova §§ 16, 17 og 19.
  • Vedtak om inndraging vert gjort av kommunestyret etter tilråding frå helse-, sosial- og omsorgsutvalet .
  • Kommunen bør iverksette vedtak om inndraging innan fire veker etter
    vedtaksdato.