7 Inndraging av sals- og skjenkeløyver
Bestemmelsane om prikktildeling og inndraging (alkoholforeskrifta, §.10) gjeld der kontroll gjennomført i samsvar med alkoholforskrifta § 9, eller rapport frå andre myndigheiter, avdekker at innehavar av kommunalt sals- eller skjenkeløyve ikkje har
- oppfylt sine plikter etter alkohollova
- oppfylt sine plikter etter bestemmelsar gjeve i medhald av alkohollova
- oppfylt sine plikter etter bestemmelsar i lov eller i medhald i lov som har samanheng med alkohollova sitt formål
- oppfylt sine plikter som følgjer av vilkår i løyvevedtaket
7.1 Overtredings- og inndragingsperiode
Dersom løyvehavar i løpet av ein periode på to år er tildelt til saman 12 prikkar, skal kommunestyret inndra løyvet for eit tidsrom på ei veke. Dersom det i løpet av toårsperioden vert tildelt fleire enn 12 prikkar, skal kommunestyret auke lengda på inndraginga tilsvarande.
Ved berekning av toårsperioden skal tidspunkta for overtredelse leggast til grunn.
Toårsperioden gjeld uavhengig av om løyvet er fornya i løpet av perioden. Ved overdraging starter ny periode ved overdragingstidspunktet.