4 Ansvar og delegering
Retningslinene vert godkjent i Kinn kommunestyre, etter tilråding frå helse-, sosial- og omsorgsutvalet, som har ansvaret for løyvesaker etter alkohollova.
4.1 Delegering til Formannskapet
Kommunestyret delegerer til formannskapet å gjere hastevedtak etter § 11-8 i kommunelova ved særskilde høve. Når denne hasteparagrafen vert nytta skal vedtaket rapporterast ved første påfølgande møte i kommunestyret.
4.2 Delegering til kommunedirektør
Kommunestyret delegerer følgjande til kommunedirektør etter § 13 i kommunelova:
- Gje løyve til skjenking i slutta lag (ambulerande løyve).
- Gje løyve til sal og skjenking ved einskildhøve. Før løyve kan gjevast skal der ligge føre vandelskontroll av styrar og avløysar, jfr. alkohollova §1-7c.
- Gje utvida eller innskrenka opning- og skjenketider ved ambulerande og einskildhøve, likevel innanfor gjeldande lovverk og forskrift.
- Godkjenne utvida eller innskrenka skjenkeareal ved einskildhøve.
- Godkjenne endring av styrar og avløysar for allment kommunalt løyve.
- Godkjenne framlagt internkontrollsystem frå den einskilde sals-, serveringsog skjenkestad.
- Fastsetje og krevje inn det årlege gebyret kommunen kan krevje av dei som har kommunalt sals- eller skjenkeløyve, jf. alkoholforskrifta § 6-2.
- Ved særlege høve vurdere og godkjenne redusert løyvegebyr for frivillige lag og organisasjonar.
- Engasjere kontrollørar som skal kontrollere sals- og skjenkestadene slik alkohollova føreset.
- Gjennomføre reaksjonar og gjere einskildvedtak ved brot på lov og forskrifter.
- Kommunedirektør rapporterer vedtekne reaksjonar til helse-, sosial- og omsorgsutvalet fortløpande.
4.3 Delegering til helse-, sosial- og omsorgsutvalet
Kinn kommunestyre delegerer til Helse-, sosial- og omsorgsutvalet å handsame klager på vedtak kommunedirektør har gjort etter alkohollova og serveringslova. Utvalet kan gjere om kommunedirektøren sitt vedtak til gunst for søkjaren. Saka oversendast til statsforvalter som klageinstans dersom vedtaket vert oppretthalde i helse-, sosial- og omsorgsutvalet.