Alkoholpolitiske retningsliner 2024 - 2028

6 Vilkår for sals- og skjenkeløyver

6.1 Tidsrom for sal og utlevering av alkoholhaldig drikk

  • Sal og utlevering av alkoholholdig drikk gruppe 1 kan skje frå kl 08.00 til kl. 20.00 på kvardagar.
  • På dagar før søndagar og helgedagar skal sal og utlevering opphøyra kl. 18.00, unntatt dagen før Kristi Himmelfartsdag. 1. og 17. mai er her ikkje å rekne som helgedagar.
  • Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk gruppe 1 skal ikkje skje på søndagar og helgedagar, 1. og 17. mai.
  • Påske-, pinse-, jule- og nyttårsaftan skal sal og utlevering opphøyra kl 16.00. 
     

6.2 Retningsliner for plassering av alkoholhaldig drikk i daglegvarebutikkane

  • Alkoholhaldig drikk skal ikkje vere plassert ved inngangsparti, eller slik at varen er direkte synleg når kunden kjem inn i forretninga. Dette inneber også at det ikkje er høve til å sette varen oppå reolane.
  • Plassering av alkoholhaldig drikk skal vere separat frå det som er å rekne som
    matvarer.
  • Alkoholhaldig drikk skal plasserast på ein slik måte at den ikkje kan forvekslast med alkoholfri og alkoholsvak drikk.
  • Det skal frå den enkelte søkjar leggast fram detaljert skisse som syner slik
    plassering. 
     

6.3 Vilkår for salsløyver

  • Salsløyve kan tildelast daglegvareforretningar og andre spesialutsal.
  • Salsløyve kan tildelast daglegvareforretningar med teknologien RMAbutikkstyring (fjernstyrt butikk). Dette gjeld også i tida butikken ikkje har personale som er fysisk tilstades.
  • Vesentleg karakterendring av salsstaden i løyveperioden føreset ny løyvesøknad straks. 
     

6.4 Tidsrom for skjenking av alkoholhaldig drikk

6.4.1 Opningstider

  • Serverings- og skjenkestadene i Kinn kommune skal halde stengt mellom kl. 03.00 og kl 06.00.

6.4.2 Skjenketider

  • Skjenketida for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 er frå kl 08.00 til kl 02.00.
  • Skjenketida for alkoholhaldig drikk i gruppe 3 er frå kl 13.00 til kl 02.00.

6.4.3 Konsumering

All konsumering av alkoholhaldig drikk skal seinast vere avslutta ½ time etter skjenketids slutt for dei respektive alkoholgrupper. Dette gjeld både uteservering og inneservering. 
 

6.5 Uteservering

  • Skjenkeløyve kan gjevast for uteareal som er ein naturleg forlenga del av ein godkjent skjenkestad.
  • Dersom skjenkestaden ikkje eig grunnen for omsøkt uteservering, må det føreligge godkjent leigeavtale med grunneigar før løyve kan gjevast.
  • Skjenkeløyve kan gjevast ved særlege friluftsarrangement som festivalar, konsertar, messer etc, med mindre dei berre har barn under 18 år som målgruppe. 
  • Skjenkeareal på uteservering må vere klart avgrensa mot areal som ikkje er skjenkeareal. 

     

6.6 Avgrensingar ved handsaming av skjenkesøknader

  • Skjenkestaden anbefalast å ha meir enn ein godkjent stadavløysar.
  • Det skal ikkje gjevast løyve i undervisningssenter/lokalar for barn og ungdom.
  • Det skal ikkje gjevast skjenkeløyve på stader berekna berre for barn under 18 år.
  • Det kan fastsetjast redusert skjenketid for skjenkeløyve der lokalet ligg i bustadområde.
  • Det vil ikkje verte tildelt skjenkjeløyve til éin-prosents MC-klubber, eller klubber som sympatiserer med disse klubbene. 

Kommunestyret viser til at det har vore problematisert frå ungdommen i Florø at det ikkje er skjenkestadar for myndige unge frå 18 år inntil dei fyller 20 år. Kommunestyret ber bransjen gjennom sin praksis med aldersgrenser om å legge til rette for at også denne befolkningsgruppa, som vi gjerne vil at skal finne kommunen attraktiv å bu i, kan nyte alkohol under ordna former som skjenkestader er, og ikkje berre bli henvist til andre uorganiserte arenaer. Kommunestyret tek difor atterhald om å kunne endre retningslinjene gjennom perioden og dermed også kunne sette vilkår ved tildeling av skjenkeløyver, dersom dette er eit problem som vedvarer. Det skal vere mogleg å ha utestadar med sakleg aldersgrense utover 18 år, men utfordringa oppstår i en situasjon der alle skjenkestadar har slike grenser som gjer at det ikkje finst eit einaste tilbod til myndige under 20 år. 
 

6.7 Vilkår ved einskildløyve

Ved større einskildarrangement skal det før løyve vert gjeve, leggast fram plan for opplæring og informasjon til vakter, servitørar og andre som skal bidra under arrangementet. Helsedirektoratet sin "guide til god internkontroll" kan nyttast som mal for ein slik plan.