Det er mange interessentar i eit prosjekt som dette. Til dømes kan dette vere dei som skal jobbe og bu der men også andre som har interesse i prosjektet.
Vi skil mellom primær- og sekundærinteressentar. Primærinteressentar er dei som både har stor innverknad og påverknadskraft. Sekundære interessentar er dei ein reknar med å ha ein viss innverknad. Interessentane kan endre seg frå prosjektfase til prosjektfase. Lista under er ikkje uttømmande, nokre nye kan kome til og andre kan falle frå.
Interessentane skal involverast gjennom heile prosjektet. Målet med medverknadsprosessane er å sikre dialog rundt løysingar og funksjonar, og vil vere viktige bidrag i arbeidet med å lage gode grunnlag for politiske vedtak.
Primærinteressentar
- Dei politiske organa som innehar rolla for, eller som er prosjekteigar: Kommunestyret, Prosjektutvalet, Helse- sosial og omsorgsutvalet, Arbeidsmiljøutvalet
- Kommunen sine rådgjevande utval: Eldrerådet, Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne
- Brukarar / pårørande
- Tilsette
Det er etablert prosjektgruppe.
I tillegg vil det bli etablert ulike ressursgrupper med tilsette frå til dømes helse- og velferdstenestene, vedlikehaldstenester innan byggvedlikehald og reinhald, innkjøp, juss, velferdsteknologi, økonomi, klima og miljø, kunst og kultur, folketalsframskriving, veg og parkering, brannforebygging, plan og byggesak, folkehelse, spelemidlar, Husbanken sine tilskotsordningar, samt frå arbeidstakarorganisasjonane og vernetenesta.
Sekundærinteressentar
- Direkte naboar til sjukehustomta og nærtliggande burettslag/sameige m.v.
- Florø barneskole med skuleleiinga, Foreldrerådet sitt arbeidsutval, elevråd
- Lag og organisasjonar som Florø Pensjonistlag, Flora historielag, Flora Røde Kors besøksteneste, Florø sanitetsforening, Sangglede, Flora kunstlag, Fjordane friluftsråd, Flora Turlag, Florø Træplantingsselskab, Byen vår Florø, Florø Bys vel
- Leve Heile Livet-prosjektet
- Media: Firdaposten
Andre interessentar
Prosjektet vil på ulike måtar forhalde seg til andre forvaltningsnivå og offentlege organ som:
Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune, Folkehelseavdelinga, Arbeidstilsynet, Statens Vegvesen med fleire.
Høyringsinnspel
Her finn du ei samla oversikt over eksterne innspel til funksjonar i investeringsprosjektet «Albertatunet»
Opptak frå folkemøte 17.01.2022
Her kan du sjå opptak frå folkemøta som vart arrangert 17.01.2022