Albertatunet: Måndag kjem oljelenser på plass medan anleggsarbeidet pågårLytt til tekstenStopp avspillingKinn brann og redning kjem til å legge ut oljelenser i Storevatnet i samband med anleggsarbeidet på Albertatunet komande måndag (8. desember). Lensene fungerer som ei flytande sperre på vatnet og skal hindre at eventuelt oljesøl, drivstoff eller andre forureiningar spreiar seg.Dette er eit førebyggande tryggingstiltak som blir sett i verk medan arbeidet går føre seg, for å vere førebudd dersom noko uventa skulle skje. Målet er å verne Storevatnet mot mogleg forureining og ta vare på miljøet, dyrelivet og vasskvaliteten i området.Kinn brann og redning plasserer ut lensene, og fjernar dei når risikoen for utslepp ikkje lenger er til stades. Publisert 02.12.2025 13.05 Sist endra 02.12.2025 13.05