Sprengingsarbeid starter på Albertatunet måndag 8. desemberLytt til tekstenStopp avspillingFrå måndag 8. desember startar entreprenøren med å fjerne berg i byggegropa på Albertatunet. Sprengingsarbeidet er venta å halde fram til midten av mars 2026. Før kvar salve blir det varsla med sirene.Sprenginga kan føre til at det blir merkbare skjelvingar i området. Det blir difor montert målarar på nærliggande bygningar. Der det har vore behov er det gjennomført tilstandskartlegging av bygningsmassen rundt tomta i forkant av arbeidet. Det blir også gjort ei ny kartlegging når arbeidet er avslutta.Når sirena går av, betyr det at sprenging kjem til å skje om kort tid. Vi ber alle halde seg på trygg avstand frå anleggsområdet og respektere sperringar og skilting. Ein må aldri gå inn på anleggsområdet eller opphalde seg tett på gjerdet. Publisert 04.12.2025 10.06 Sist endra 04.12.2025 10.42