Bengt og Elin spanderte grillmat på anleggsarbeidarane og fekk samstundes ein status på arbeidet

Ordførar Bengt Solheim-Olsen og kommunalsjef Elin Sørbotten spanderte i dag grillmat på arbeidarane ved byggeplassen til Albertatunet - som takk for innsatsen og arbeidet som er lagt ned så langt. På same tid fekk dei ein liten status på arbeidet som skal skje i juli og august.

Det har vore god framdrift ved Albertatunet i juni, og når vi går inn i juli vert det rolegare, men det blir ikkje stillstand.

Det vil bli utført støyping av søyler og bjelkar i kjellar mot aust. I vest blir det støypt søyler og veggskiver på dekke over kjellar, og noko montasje av stål før meir legging av holdekker i august.