Varsel om grunnundersøkingar ved sjukehustomta i Florø

Sunnfjord Geo Center skal utføre grunnundersøkingar for Kinn kommune i forbindelse med bygging av ny institusjon (Sjukehustomta) og omsorgsbustader/gymsal ved nabotomta i Florø sentrum. Hensikta med grunnundersøkingane er å kartlegge grunnforhold og forureiningssituasjon i området. Arbeidet vert utført i april-mai 2024.

Når skal arbeidet utførast?

Grunnundersøkingane vert utført i perioden april-mai 2024. Prosjektleiar Halfdan Arstein (+47 950 90 434) frå Sunnfjord Geo Center har ansvar for grunnundersøkingane i området. Han kan kontaktast dersom det er spørsmål om gjennomføringa av grunnundersøkingane.

Kvar og korleis vil arbeidet utførast?

Borpunkta vil først bli markert i terrenget med ei trestikke/spray. Ein beltegående borerigg på størrelse med en liten traktor vil ta seg fram til borepunkta og utføre grunnboringar. Når ein treff på harde massar/fjell vil det kome noko støy. Under delar av prosjektet vil det kunne bli manuell dirigering langs deler av Hans Blomgate og Torgata. Boreriggen kan etterlate seg noen spor, men ellers vil mannskapet forlate området ryddig og i orden. Vi vil heile tiden ha fokus på å gjennomføre grunnundersøkelsene uten å påføre grunneigarar/naboar ulemper.

Generell informasjon

Om du har spørsmål eller merknader til undersøkelsane kan du gje tilbakemelding til halfdan@sunnfjordgeocenter.no