Riving av sjukehuset starter i septemberLytt til tekstenStopp avspillingVi ønskjer å halde deg oppdatert om arbeidet med rivinga av Florø sjukehus og området rundt. Entreprenør som er tildelt oppdraget er Miljøsanering Nord. Her er informasjon om korleis arbeidet vil påverke deg.Riving og tilkomstRivinga er planlagt å starte i løpet september. Vi ventar på iangsettingsløyve for kunne starte arbeidet. Entreprenør vil bruke den eksisterande innkøyringa frå Torggata for lastebilar som fjernar riveavfallet. Det vil ikkje vere endringar i inn- og utkøyringa frå korleis det er i dag. Anleggsområdet vert sperra av med tett byggegrind og låsbar port. Det er ikkje behov for å stenge gater eller fortau, men fortau langs Hans Blomgate og Torggata vil vere stengd i rivingsperioden.Reinhald og støvdempingVi er klare over at rivinga kan føre til noko støv, men forventar ikkje at dette vil vere til sjenanse for deg. Vi vil vatne området ved behov, for å redusere støv. Sidan det ikkje blir omfattande gravearbeid, er det ikkje venta at det blir søl på lastebilhjul eller gater.Støy og forureiningEntreprenøren brukar moderne gravemaskiner med riveutstyr for å minimere støy og forureining. Utstyret inkluderer betongtyggar, stålsaks og klype som reduserer støyen. Pigging vil skje på dagtid, og dei tar pauser for å halde støyen på eit akseptabelt nivå. Dei skal grave under bakkenivå og gjennomføre spesielle tiltak mot forureining av grunn.Sikkerheit for barn og naboarEntreprenøren som utfører arbeidet setter opp midlertidige sperringar for å sikre at ingen kjem inn på byggeplassen. Det er viktig at du, og spesielt barna dine, held deg unna området for å unngå potensielle farar. Respekter sperringane - dei vert sett opp for å sikre tryggleiken for alle.Har du spørsmål eller innspel?Ta kontakt med prosjektleiar Jeiki Jegathesan, på tlf. 41 53 01 30. Publisert 13.09.2024 13.47 Sist endra 13.09.2024 14.09