Omstilling innanfor samfunn, kultur og miljø

Plakat for samfunn, kultur og miljø . Innhaldet i plakaten kan lesast i artikkelen. - Klikk for stort bilete

Dette er eitt av dei tre innsatsområda som er skissert i samfunnsplanen. Nedanfor kan du sjå utfordringsbilde som arbeidsgruppa for samfunn, kultur og miljø har peika på at dei skal arbeide med.  

Utfordringsbilde

Korleis kan vi løyse utfordringar og gripe moglegheiter? Det veit vi ikkje endå, men vi vil gjere det i lag med deg!

Felles identitet

Kulturbygging der vi får alle til å ta eit sosialt ansvar for å lære av kvarandre, framsnakke og vise våre fortrinn.

Samskaping

Lokalsamfunn, kommune og næringsliv må jobbe saman på nye måtar.

Eigedomsportefølje

Mange bustader og formålsbygg som vi ikkje har økonomi til å vedlikehalde.

Næringspolitikk

Samskaping med næringsselskapa og næringslivet om ein utviklingsplan med fokus på berekraft, arbeidskraft og tilgong på areal.

Samferdsle

Samarbeid for å få til betre samferdsle- og kollektivtilbod.

Bustadar

Samskaping som verktøy for å få til attraktive og ulike bustadtilbod.