Slik kan du påverke

Vi har ein plan for ulike typar medverknad i det vidare arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Vi vil fortløpande invitere til ulike dialogarenaer.

Send oss dine innspel

Du kan sende oss dine innspel kor tid som helst, og til kva slags tema i planen du sjølv ønsker. Innspela dine vil bli tatt med i arbeidet vi gjer når vi reviderer samfunnsplanen. 

Kva tenker du om utfordringane i helse- og velferdstenestene i framtida?

Innan 2030 blir vi i følge prognosane 627 FLEIRE eldre enn i dag – altså i alderen 67 år og over. Dette vil påverke alle. I framtida vil vi heller ikkje klare å rekruttere nok helsepersonell som kan ta i vare dei som treng helse- og velferdstenester, etter dagens tenestestandard. Korleis handtere dette? I denne artikkelen finn du fleire dilemma – vi ønskjer dine tankar om eitt eller fleire av desse. Send oss gjerne dine innspel , eller drøft i lag med kollegaer på eit avdelingsmøte eller liknande.

Les meir her og send oss dine innspel

Resultat frå spørjeundersøking om Kinn kommune

Mellom mars og april spurde vi 1303 personar i kommunen om kva dei meiner om å bu og leve i Kinn. No har vi fått rapporten og resultata frå undersøkinga Sentio har gjennomført. Dette vil også vere til stor hjelp for det arbeidet som går føre seg med den framtidige samfunnsplanen vår.

Sjå resultatet frå undersøkinga her

Høyring av planprogram

Formannskapet vedtok at vi skal revidere vår gjeldande planstrategi og samfunnsdelen til kommuneplanen. Planprogrammet har blitt handsama i dei politiske hovudutvala, samt formannskapet. Torsdag 25. mai vedtok kommunestyre planprogrammet.

Planprogrammet var på høyring til 28. april. 

Her kan du sjå høyringsinnspela

Bildet syner ulike måtar vi skal samarbeide med omverda i arbeidet med samfunnsdelen - Klikk for stort bileteUlike typar medverknad i prosessen med ny samfunnsdel