Tidsplan fram til vedtak i 2024

Vi har lagt opp til ein tidsplan for ulike delprosessar fram til endeleg vedtak med nytt kommunestyre våren 2024. Vi er no ferdig med første delprosess der vi har utforska utfordringar, moglegheiter, og henta inn prognoser for mellom anna framtidig befolkningsutvikling. No er vi i ein prosess der utfordringsbilde blir spissa innan ulike tema, og vi vil i det vidare arbeidet peike ut tiltak og målsettingar. 

Kommunekonferanse på Raudeberg

31. januar var ulike aktørar i lokalsamfunnet, kommunestyre og leiarar i kommunen samla til kommunesamling på Parken kulturhus på Raudeberg. Tema for samlinga var korleis skape ein tilpassingsdyktig og innovativ kommune som kan handtere våre samfunnsutfordringar og samskape med lokalsamfunnet. 

Sjå opptak frå kommunesamlinga her

Les meir om konferansen her

31.01.2023

Høyring av planprogram

Formannskapet vedtok at vi skal revidere vår gjeldande planstrategi og samfunnsdelen til kommuneplanen.

Planprogrammet var på høyring til 28. april. 

Her kan du sjå høyringsinnspela

08.03.2023

Kommunekonferanse på Raudeberg

I mars vart mange av innbyggarane i Kinn kommune kontakta med spørsmål om kommunale tenester og korleis våre innnbyggarar opplever kommunen. Selskapet Sentio gjennomførte eit oppdrag på vegne av Kinn kommune. Litt over 1100 innbyggjarar har svart på SMS. Du kan sjå opptak frå møte på Raudeberg der foreløpig resultat vert presentert. 

På møte var det også innlegg om helsepersonellkommisjonen sitt arbeid og kva dette betyr for Kinn i møte med dei stor demografiske endringane vi vil møte dei neste 10 åra. 

Sjå opptak frå kommunekonferansen her

Les meir om konferansen her

20.04.2023

Kommunestyre vedtok planprogrammet

Kommunestyret vedtok planstrategi og planprogram for revisjon av samfunnsdelen til kommuneplanen i Kinn.

Les vedtaket og saksdokumenta her

Sjå opptak frå handsaminga i kommunestyret her

Befolkningsutvikling i Kinn kommune (PDF, 2 MB)

25.05.2023

Utarbeiding av ny samfunnsplan

Juli - november 2023

Fellesmøte for alle teama som arbeidar med samfunnsplanen

30.08.2023

Fellesmøte for alle teama som arbeidar med samfunnsplanen

19.09.2023

Kommunekonferanse

26.10.2023

Fellesmøte for alle teama som arbeidar med samfunnsplanen

31.10.2023

Utkast til ny samfunnsplan og planstrategi

November 2023

Høyringsperiode for samfunnsplanen

Desember 2023 - januar 2024

Vedtak av ny samfunnsplan

Mars 2024