Verdiar og samskaping

Illustrasjon av menneske i ein sirkel - Klikk for stort bilete

Når vi no skal revidere samfunnsdelen, prøver vi å vri arbeidsmåten vår slik at vi gjennom drøfting og dialog saman kjem fram til den beste måten å skape eit godt samfunn på. Samfunnsdelen må greie å skape kultur for endring heller enn å vere ei ønskeliste av t.d. tiltak, bygg, prosjekt og tenester. Nedanfor ser du verdiane vi brukar i arbeidet vårt med samfunnsplanen. Du er velkomen til å gje innspel til verdiane også. 

For å løyse dei store utfordringane må vi samskape med innbyggarane, frivillige, kunnskapsmiljø og næringsliv. I alle innsatsområde skal det difor i tillegg til verdiar leggast vekt på kva vi alle kan bidra med. Saman må vi difor sette oss delmål for alle aktørane som er med på å gjere Kinn til ein inkluderande og attraktiv kommune for alle.

Verdiar som femner berekraftsmåla og som skal prege planprosessen

Vi tek ansvar og jobbar saman

Samskaping er kjenneteikna ved at alle aktørar som er relevante for å løyse eit problem skal samlast i eit engasjert samarbeid for å definere utfordringar, finne løysingar, og implementere dei på ein berekraftig måte.

Vi inkluderer

Der du kjenner deg trygg og velkommen vil du tilbake. Mangfald og inkludering heng nært saman med folkehelse, gode lokalsamfunn, arbeidsliv, oppvekst og utdanning. Arbeidet med å hindre utanforskap og å skape fellesskap er viktig.

Vi er innovative

Innovasjon omhandlar å utgreie mogelegheiter og foreslå nye grep og løysingar for å møte utfordringane. Det kan vere å:

  • Ta i bruk ny teknologi
  • Utvikle ny teknologi i samarbeid med andre
  • Ta i bruk nye arbeidsmetodar
  • Kopiere andre som gjer det godt
  • Teste ut nye idear og måtar å jobbe på og formidle dei

Vi er trygge

 Trygge lokalsamfunn, trygt læringsmiljø og trygt arbeidsliv er avgjerande for helse, inkludering og meistring.