Samfunnsplanen

Ny samfunnsplan for Kinn kommune

Kanskje den viktigaste planen vi har er kommuneplanen, som er delt inn i to. Ein del er retta mot korleis vi skal utnytte arealet i kommunen, og ein annan er korleis vi skal utvikle oss som samfunn og organisasjon.

For å gjere dette på ein fornuftig måte må vi sjå på ulike data og finne trendar for korleis Kinn-samfunnet har utvikla seg dei siste åra. Det kan seie noko om korleis samfunnet ser ut i framtida, og kva vi må planlegge etter.

På denne nettsida finn du kunnskapsgrunnlag og tilgjengeleg materiale som er knytt til arbeidet med å lage den samfunnsplanen for Kinn kommune.

Her kan du sjå informasjonsvideoar og opptak frå interne og politiske møter

Aktuelt frå kommunen

  • 16.05.2023

    Kva tenker du om utfordringane i helse- og velferdstenestene i framtida?

    Innan 2030 blir vi i følge prognosane 627 FLEIRE eldre enn i dag – altså i alderen 67 år og over. Dette vil påverke alle. I framtida vil vi heller ikkje klare å rekruttere nok helsepersonell som kan ta i vare dei som treng helse- og velferdstenester, etter dagens tenestestandard. Korleis handtere dette? I denne artikkelen finn du fleire dilemma – vi ønskjer dine tankar om eitt eller fleire av desse. Send oss gjerne dine innspel nedanfor, eller drøft i lag med kollegaer på eit avdelingsmøte eller liknande.
  • 25.04.2023

    Podcast om samfunnsplanen med ordførar og kommunedirektør

    Veit du kva planstrategi, samfunnsplan eller medverknad betyr? Her forklarar ordførar og kommunedirektør kva dette inneber.
  • 17.03.2023

    Vil du vere med og utvikle Kinn?

    Formannskapet har vedtatt at vi skal revidere vår gjeldande planstrategi og samfunnsdelen til kommuneplanen. Dette høyrast kanskje tørt ut – men det er spennande og viktig arbeid! Les meir her.

Møter og medverknad

Ingen planlagte hendingar