Utvikling i befolkninga

Folketal

Illustrasjon av mennesker som står på ei rekke - Klikk for stort bilete

Dei siste åra har vi hatt nedgang av folketalet i Kinn, med unntak av 2022. Vi har stor utflytting frå kommunen til mellom anna nabokommunar og Bergen/Oslo. Det flyttar fleire menneske ut av kommunen, enn befolkingsveksten i form av fødslar.

Som følge av demografiutfordringane dei siste åra, og framskrivingar mot 2050 gjort av SSB, vil nedgangen i befolkinga få konsekvensar for korleis vi driftar våre kommunale tenester. Spesielt innanfor oppvekst (skule og barnehage) og helse og velferd får dette konsekvensar.

Færre yngre og fleire eldre

Illustrasjon av to skulebarn og to eldre menneske - Klikk for stort bilete

Låge fødselstal får konsekvensar for barn i barnehage og skule. Treng vi like mange barnehagar og skular i framtida, når vi blir færre yngre menneske?

Innan 2032 kan det bli

  • 815 fleire personar over 67 år
  • 428 færre barn i alderen 0-15 år

Desse tala viser at vi må gjere endringar i måten vi driv tenestene våre på innan helse og velferd og oppvekst. Kva gjer vi når vi ikkje har yngre menneske som er sjukepleiarar, medan vi har mange fleire eldre på omsorgsinstitusjonane våre?

Kompetanse og attraktivitet

Illustrasjon av fire mennesker som planlegger - Klikk for stort bilete

Når vi i dag får færre yngre vil det også i framtida bli mindre kompetanse og velge mellom. Det betyr at vi må tenke nytt i korleis vi skal bære samfunnet saman, og sjå på korleis vi kan utnytte kompetansen vi har, på nye måtar. Vi må gjerne samarbeide på nye måtar mellom næringsliv, lokalsamfunn og kommune. 

Økonomi

Illustrasjon av en familie - Klikk for stort bilete

Vi får også mindre penger av staten. Alle kommunar får tildelt pengar frå statsbudsjettet - vi får tildelt midlar ut i frå tal yngre, og tal eldre. Sidan vi blir færre yngre, og fleire eldre, må vi kanskje flytte ressursar frå oppvekstsektoren til helse- og velferdssektoren.

Andre ting som gjer at vi må endre måten vi driftar kommunale tenester på er investeringar og høg lånegjeld.

Riksrevisjonen har peika på at kommunar er spesielt utsett viss netto driftsresultat er under 2 prosent, disposisjonsfond er lågare enn 5 prosent og gjeldsnivå er høgare enn 75 prosent av inntektene. 

Det er i gjeldande økonomiplan lagt til grunn ei auke i lånegjelda stipulert til 4,076 mrd. kroner innan utgangen av 2026. I denne summen ligg samla lånegjeld, det vil seie at lånegjelda inkluderer utlån til kommunale føretak, startlån, sjølvfinansierande lån knytt til VAR og lån der kapitalutgifter vert dekka av kompensasjonstilskot frå Husbanken eller reduksjon i andre driftsutgifter. Netto lånegjeld er budsjettert til å bli 3,171 mrd. kroner i 2026, som utgjer 174 % av budsjetterte inntekter.

Kommunen sitt samla utgiftsbehov vil ikkje endre seg stort fram mot 2032. Men det vil fort bli eit gap mellom utgiftsbehovet mellom pleie og omsorg, og grunnskule og barnehage. Auka i pleie og omsorg går opp med 23 prosent, grunnskule reduserast med 22 prosent, og barnehage 7 prosent. 

Objektivt sett vil utgiftsbehovet innan pleie og omsorg auke med årleg 108 millionar kroner innan 2032, medan behovet innan grunnskule vil bli redusert med årleg 75 millionar kroner og barnehage redusert med årleg 12 millionar kroner. Tilsvarande viser sosial reduksjon 5 millionar kroner, barnevern reduksjon 8 millionar kroner og kommunehelse auke på i underkant 3 millionar kroner. I sum er det soleis berekna at Kinn kommune vil ha eit auka utgiftsbehov på i underkant av 10 millionar kroner årleg innan 2032.