Kva skal vi satse på dei komande åra? Gi innspel til samfunnsplanen og planstrategi – 2. gongs høyringNo legg vi ut samfunnsplanen til 2. gongs høyring. I fjor fekk vi inn 63 innspel i første høyringsrunde, i tillegg til at vi gjennomførte innbyggarundersøkingar på SMS, og gjekk djupare inn i problemstillingar gjennom innbyggarpanel i Florø og Måløy.Les samfunnsplanen herGi innspel innan 15. september 2025Saman med deg, lokalsamfunn, lag og organisasjonar, næringsliv, stat og fylkeskommune skal vi gjennom handlekraft gjere Kinn til ein god stad.Kinn kommunestyre vil posisjonere kommunen som eit tyngdepunkt på Vestlandet og vil utvikle og forstørre bu- og arbeidsmarknads- og serviceregionen. Saman skal vi bygge levande distrikt og urbane byar.Gi innspel til samfunnsplanen via e-skjemaDu kan også sende høyringsinnspel via post@kinn.kommune.no, eller brevpost til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.Kva skjer etter høyringa?Etter høyringsrunda er over den 15. september går vi gjennom og vurderer innkomne innspel, og klargjer samfunnsplanen for politisk handsaming i løpet av hausten.Kva skjedde førre høyringsrunde?I fjor fekk vi 63 innspel frå både privatpersonar, og private og offentlege verksemder. Innbyggarane var opptatt av havvind, skjergard og arealnøytralitet. Fleire av innspela fokuserte på skulestruktur og uro kring sentralisering og nedprioritering av distrikta.Du kan lese ein artikkel frå førre høyringsrunde her. Publisert 19.06.2025 09.13 Sist endra 19.06.2025 09.21