Kommunekonferanse 20. april

Bildet viser Raudeberg, bildet tatt frå sjøen mot bygda med fjell i bakgrunnen - Klikk for stort bilete Visit Fjordkysten

I mars vart mange av innbyggarane i Kinn kommune kontakta med spørsmål om kommunale tenester og korleis våre innnbyggarar opplever kommunen. Selskapet Sentio gjennomførte eit oppdrag på vegne av Kinn kommune. Litt over 1100 innbyggjarar har svart på SMS. Du kan følgje med på direktesendinga frå møte på Raudeberg der foreløpig resultat vert presentert. 

På møte blir det også innlegg om helsepersonellkommisjonen sitt arbeid og kva dette betyr for Kinn i møte med dei stor demografiske endringane vi vil møte dei neste 10 åra. Møte er eit ledd i utarbeiding av kommuneplanen sin samfunnsdel.

Følg møte direkte her

Program

10.10 Velkommen

10.15 Innblikk i Helsepersonellkommisjonen – Anne Grete Naustdal, Prorektor Høgskulen på Vestlandet og medlem av Helepersonellkommisjonen                                                           

11.15 Utfordringar i vekslingsfeltet mellom lokal og regional helsepolitikk. Utfyllande kommentarar frå samhandlingssjef (Helse Førde) Dagrun Kyrkjebø og kommuneoverlege Kjell-Arne Nordgård

Summing og spørsmål: Spørsmål førebudd av innleiar og felles synspunkt ved hjelp av mentimeter - oppfølging i salen

13.00 Lunsj

13.45 Innbyggarundersøking – Sentio – Konsulent Martin Mjelde

Summing og spørsmål

14.45 Beinstrekk

15.00 Innbyggarundersøkinga sett i samanheng med evalueringsformer: finansielle, prosessorienterte, resultatorienterte eller planorienterte (administrasjon)

Planprogram kommuneplanen sin samfunnsdel – korleis innarbeide demografi, berekraft framtidig tenestebehov og arbeidskraftbehov i planen? (oppsummering)

16.00 Beinstrekk, frukt mv.

16.15 Gruppearbeid

17.30 Oppsummering, sluttkommentar og refleksjonar          

18.00 Avslutning

Meir informasjon