Omstilling innanfor oppvekst

Plakat for oppvekst. Innhaldet i plakaten kan lesast i artikkelen. - Klikk for stort bilete

Dette er eitt av dei tre innsatsområda som er skissert i samfunnsplanen. Nedanfor kan du sjå utfordringsbilde som arbeidsgruppa for oppvekst har peika på at dei skal arbeide med.  

Utfordringsbilde

Korleis kan vi løyse utfordringar og gripe moglegheiter? Det veit vi ikkje endå, men vi vil gjere det i lag med deg!

Færre fødslar

Formidle ei framskriving av barne- og elevtal som det er tillit til.

Fleire flyktningar

Samhandling om utfordringar knytt til busetting og større ressursbehov.

Ressursfordeling

Korleis brukar vi kompetanse, teknologi og ressursar i dag, og korleis skal vi prioritere i framtida?

Forventningsavklaring

Komme fram til berekraftige strukturar og kvalitet innanfor lågare driftsrammer.

Arbeidskraft

Utdanne, rekruttere og behalde kompetent arbeidskraft.

Samskaping og inkludering

Aktivere lokalsamfunn, barnet, føresette, tilsette og frivillige.